Verdas beste sveler? Vi ynskjer ein entusiastisk sal- og kampanjeansvarleg med oss på reisa!
Fjord1 AS
Strandavegen 15, 6905 Florø, Romsdalsgata 9, 6415 Molde, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Sal og kampanjeansvarleg catering
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 28. oktober
Vil du bli Fjord1 sin nye sal- og kampanjeansvarleg for Ferdamat?
Ferdamat er kiosk og serveringskonseptet til Fjord1, og skal sikre våre kundar viktig påfyll på reisa gjennom 70 betjente og sjølvbetjente serveringsstadar. Og fleire skal det verte!
Er du klar for ei rolle der du får mulighet til å forme og drifte våre kiosker med et breitt utvalg av mat og drikke til reisande om bord på ei av landets mest kjente ferjeflåter? Fjord1 søker no ein engasjert og framtidsretta sal- og kampanjeansvarleg!
I eit team med tre andre kollegaer får du ansvar for di eiga portefølgje med fartøy. Kontorstad vil vere ved eit av våre kontor i Florø eller Molde, avhengig av kor du bur, og denne stillinga gir stor grad av fridom og sjølvstende i kvardagen. Som sal- og kampanjeansvarleg trivast du både på kontoret og ute på veien der det skjer.
Med Fjord1 i ryggen vil du få påvirke og utvikle ei spanande og variert portefølje av serveringsstadar ombord i fartøya – med mål om å skape gode kundeopplevingar og styrke salet vårt om bord.
Vil du vere med å få fleire ut av bilen – og inn i salongen?
Arbeidsoppgåver
- Leie sal- og kampanjearbeid etter overordna strategiar, mål og verdiar
- Vidareutvikle dagens cateringkonsept i tråd med catering strategi
- Leie etter ei kvar tid gjeldande konsept og internkontrollsystem
- Arbeide ut frå faglege føringar, i samarbeid med leiarar innan catering og drifta
- Maksimere omsetning og lønsamheit gjennom planar, riktig lagerstyring, budsjett og kostnadsoppfølging
- Gje kunden ein inspirerande butikk med eit definert varesortiment og serviceinnstilte medarbeidarar
- Optimaliserte opningstider og skiftplanar i samarbeid med operativ leiar og mannskapskoordinator
- Vere med i prosessen rundt nytilsetjingar
- Prosjektdeltaking / leiing av cateringprosjekt
Sjølv om du jobbar mykje sjølvstendig, er du aldri åleine. Du blir ein del av eit team der vi samarbeider tett, og har faste møtepunkt. Vi legg til rette for fagleg påfyll, inspirasjon og sosialt fellesskap – og gode samtalar, gjerne over ei svele.
Vi ser etter deg som er
- Erfaring og gode resultat frå sal og salsleiing innafor relevant bransje vil være ein fordel
- Utdanning innan økonomi, varehandel eller anna relevant fagfelt. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
- Gjerne kompetanse innan matfag, eksempelvis kokk.
- Evne til å sette deg inn i og forstå bruken av dataverktøy og programvare for salsanalysar og rapportering
- Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk og engelsk
- Sertifikat klasse B
Og i tillegg verdsetter vi at du er
- Open og ærleg
- Evne til å være kreativ, strukturert og effektiv
- Like å arbeide både sjølvstendig, i team og kunne leie og motivere kollega
- Fleksibel og trivast med å ta arbeidsoppgåver på sparket
- Du må like og være flink til å omgåast andre menneskjer
- Smilande med empati og entusiasme
- Ansvarsbevisst, løysingsorientert og innehar gode samhandlingsevner
Dette får du hos oss
- Ei viktig rolle eit av landets leiande fergeselskap
- Moglegheita til å påverke og vidareutvikle ein viktig del av Fjord1 si drift
- Stor fridom og fleksibilitet i ein variert arbeidskvardag
- Eit inkluderande og utviklingsorientert arbeidsmiljø med god kultur for samarbeid
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Markedets beste ordninger for forsikring og pensjon?
- Som tilsett får du tilgang til leiligheter og hytter som en del av velferdsordningen, for å nevne noko!
- Og ja – vi nemner det gjerne igjen: Verda sine beste sveler! I fjor selde vi over 460 000 – og vi satsar på enda fleire i år.
I Fjord1 kombinerer vi kvalitet, lønsemd og miljøtenking – og vi trur på at vi lukkast best når vi jobbar saman og bygger kvarandre gode. Vil du vere med å løfte kundeopplevinga og salet om bord våre fartøy? Bli med oss på reisa!
Kontaktinformasjon
Olav Strømstad, Leiar Catering, +4795249633, Olav.Stromstad@fjord1.noNina Eren Hovland Liseth, HR rådgjevar, +4795152023, nina.liseth@fjord1.no
Arbeidsstad
Strandavegen 156905 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5024231734
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.10.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b676e600-73a6-436c-a026-109d862eec79
- Hentet fra
talentech
- Referanse
30ba7ea75a06439dba95a838b3ecd4da