Hopp til innhold

Kontaktperson i barnevernstenesta - 100% vikariat ut 2027

Arbeidsgiver

Tiltakseining for barn og unge, Sula kommune

Sted

Sloghaugvegen 13, 6030 Langevåg

Om jobben

Oppstart
1. oktober 2026
Stillingstittel
Kontaktperson i barnevernstenesta - 100% vikariat ut 2027
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 1. september

Vil du vere med og gjere ein forskjell for barn, unge og familiar?
I Sula kommune jobbar vi etter visjonen «Vilje til å lukkast saman». No søkjer vi ein engasjert medarbeidar til eit vikariat i barnevernstenesta, der du får vere del av eit fagmiljø som arbeider for trygge oppvekstvilkår for barn og unge. 

Tiltakseining for barn og unge (TBU), fagområde Barnevern, har ledig 100 % vikariat som kontaktperson med oppstart så snart som mogleg. 

Tiltakseining for barn og unge (TBU) består av barnevern, helsestasjon og PPT. Barneverntenesta har avdelingsleiar og er organisert i to team; undersøking/tiltak og omsorg/ettervern. Vikariatet er knytt til team undersøking/tiltak. Intervju blir gjennomført fortløpande i utlysningsperioda. 

Den som blir tilsett må ha førarkort og kunne nytte eigen bil. 

Vi forventar at den som blir tilsett arbeider i tråd med Sula kommune sin BTI-rettleiar (Betre Tverrfagleg Innsats) og tek aktiv del i tverrfagleg samarbeid rundt barn, unge og familiar. 


Hos oss får du arbeide i eit sterkt tverrfagleg fagmiljø med stor variasjon i arbeidsoppgåver, høg grad av samarbeid og moglegheit til å påverke utviklinga av tenestene våre. 


Arbeidsoppgåver

  • Sakshandsaming etter lov om barnevernstenester. 
  • Samtalar med barn og unge, kartlegging, oppfølging og tiltak i familiar.  
  • Delta i tverrfagleg samarbeid og samhandling i tråd med kommunen sine planar og satsingsområde.  
  • Medverke til fag- og tenesteutvikling i barnevernstenesta.    
  • Delta i drift av kommunen sine lavterskeltilbod.
 

Kvalifikasjonar

  • Barneverns- eller sosialfagleg utdanning.  
  • Anna relevant høgare utdanning kan vurderast. 
  • Erfaring frå arbeid i barnevernsteneste og bruk av fagsystemet Visma Flyt barnevern er ein fordel. 
  • Arbeidserfaring frå kommunalt barnevernsarbeid. 
  • Relevant vidareutdanning vil bli vektlagt positivt.  
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. 
  • Førarkort klasse B.  

Personlege eigenskapar

  • Du verdset samarbeid og ser styrken i å lukkast saman med kollegaer, samarbeidspartnarar og familiar. 
  • Du ser barn, unge og familiar i eit heilskapleg perspektiv. 
  • Du har gode relasjons- og samarbeidsevner. 
  • Du er fagleg trygg og nytenkande. 
  • Du arbeider sjølvstendig og strukturert. 
  • Du er fleksibel og handterer ein variert og til tider uforutsigbar arbeidskvardag. 
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø med humor og ei positiv innstilling. 

     Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.  

Vi tilbyr

  • Eit arbeidsmiljø prega av samarbeid og vilje til å lukkast saman.  
  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver.  
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.  
  • Gratis parkering.  
  • Tilgang til tenestebil og kompensasjon for bruk av privat bil i tenesta.  
  • Fleksitidsordning. 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar. 
  • Lønn etter gjeldande tariff.     

Kontaktinformasjon

Susanne Gresdal, Leiar barnevern, 959 67 666, susanne.gresdal@sula.kommune.no
Lindis Akslen, Einingsleiar, 926 43 295, lindis.akslen@sula.kommune.no

Arbeidsstad

Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune

Referansenr.: 5167692293
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.10.2026
Sluttdato: 31.12.2027
Søknadsfrist: 01.09.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Lindis Akslen

Einingsleiar

926 43 295

lindis.akslen@sula.kommune.no

Susanne Gresdal

Leiar barnevern

959 67 666

susanne.gresdal@sula.kommune.no

Om bedriften

Sula kommune er opptatt av å utvikle og forbetre tenestene saman med innbyggerane og næringslivet, slik vi kan vere ei trygg og framtidsretta kommune. 

Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9800 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Sula er ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket.
Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv. Veksten har ført til auke av butikk-, kafe- og næringsverksemder. Det tek 7 minutt med båt over til Ålesund sentrum. Kommunesenteret og Sula rådhus ligg i Langevåg. 

 

Kommunen praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Det betyr at ein som søkar må grunngje kvifor ein eventuelt ber om unntatt offentlegheit. Grunngjevinga vert vurdert opp mot reglane i Offentlegheitslova. Søkarar som ber om unntatt offenentlegheit vil verte kontakta.   

 

Meir informasjon om Sula kommune her

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b6728a5b-09f1-42b8-abd2-1c9a6a3580db

Sist endret

19. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

18385f7baa794c238b72aa425eff5097

Lignende annonser

Laster lignende annonser