Aukra Omsorgssenter søker
Aukra kommune Institusjonstenester
Falkhytten, 6480 Aukra, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagutviklingssjukepleiar - 100 % fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 7. oktober
Stillinga som fagutviklingsjukepleiar skal styrke fagutvikling og sikre kvalitet og kompetanseheving. I tillegg til sjukepleiar i avdeling skal delar av stillinga arbeide med oppgåver som legg til rette og sikrar kvalitet- og kompetanseheving. Stillinga skal bidra til å:
- ivareta og vidareutvikle faglege rutinar og prosedyrar
- vere ein ressurs i rettleiing og undervisning av tilsette og studentar
- støtte arbeidet med pasientsikkerheit og kvalitetsforbetring
- bidra til rekruttering og stabilisering gjennom eit tydeleg fagleg fokus
- styrke samarbeidet mellom sjukepleiarar på institusjon og heimesjukepleie gjennom felles fagutviklingstiltak og kunnskapsdeling
Aukra Omsorgssenter ligg på Gossen. Ferga er gratis og turen tek om lag 10 minutt frå fastlandet. Institusjonen har tre avdelingar og totalt 30 plassar; skjerma avdeling, korttids- og avlastningsavdeling, samt langtidsavdeling. Omsorgssenteret inneheld `og 20 heildøgns omsorgsbustadar og base for heimesjukepleie.
Gruppa med sjukepleiarar utgjer eit sterkt fagmiljø med ulike kompetansar, og det er tett samarbeid med heimesjukepleie. Det er eit godt tverrfagleg samarbeid med fysioterapeut, ergoterapeut og tilsynslege.
Alternative turnusplanar er godt innarbeidd og går over 12 veker. Du kan sjølv velgje mellom langvakter på helg og vanlege vakter, eller ein kombinasjon av dette. Turnusplanar er i stor grad individuelt tilpassa.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Erfaring med utviklingsarbeid og kvalitetsforbetring er en fordel
- God i norsk munnleg og skriftleg
- Interesse for teknologi i helse
- Fagleg engasjert med interesse for geriatri
- Strukturert, løysingsorientert, nytenkande
- Relasjonsbyggar
- Interesse for fagutvikling
- Utvikle og prioritere
- Personleg eigna
Aukra kommune tilbyr
- Løn etter avtale
- Akuttmedisinsk kurs grunna drift av legevaktsatelitt
- Støtte til vidareutdanning jfr. Kompetanseplana
- Nytt omsorgssenter med moderne fasilitetar og teknologi
Aukra Omsorgssenter ligg på øya Gossen i Aukra kommune. På Gossen er det mange fine turstiar og flott natur. Vi har nytt kulturhus med tilbod om konsertar, kino, svømmebasseng og bibliotek.
Særskilte kravDet vert stilt krav om politiattest ved tiltreding
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader
Søkarliste
Du kan reservere deg frå søkarlista, men må grunngjeve kvifor i søknad. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om å ikkje bli oppført på søkarlista jmf. Offentleglova §25. Du blir varsla om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b5ee57a3-75cc-4e78-a961-1c3e637b3928
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3541701_191795_nn