Er du den som kan føre ei stolt fotballhistorie inn i framtida?
Sykkylven IL
Haugsetvegen 50, 6230 Sykkylven, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Sportsleg og administrativ leiar fotball
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 10. oktober
I ei nyoppretta rolle ser vi no etter deg som kan styrke og vidareutvikle arbeidet med å sikre gode opplevingar for alle medlemmane våre.
Om rolla
Hovudansvaret i denne heiltidsstillinga er dagleg drift av fotballgruppa. Vi skal vere ein positiv og inkluderande klubb der alle finn sin plass, uavhengig av nivå. Det er derfor viktig å etablere gode standardar for korleis vi tar i vare både spelarar, trenarteam og støtteapparat. Vi har eit tydeleg samfunnsansvar som vi tar på alvor.
Den som har denne rolla, skal også vere pådrivar og primus motor for inntektsbringande aktivitet, og leie arbeidet med større arrangement. Dette er ei særleg uavhengig stilling, der det vert gitt stor tillit og fridom, med klare krav til sjølvstende og god struktur. Det må påreknast noko ettermiddags- og kveldsarbeid.
Viktige arbeidsoppgåver er-
trygg dagleg drift og administrasjon
-
leie sportsleg utvikling og vidareutvikling som kvalitetsklubb
-
primus motor for arrangement og innteksbringande aktivitetar
Kva ser vi etter hos deg?
Det er viktig for oss at du har eit brennande engasjement, og ei interesse for fotball og breiddeidrett. For å lukkast må du forstå korleis du kan dra med deg og utvikle frivilligheita, og vere ein naturleg leiar og lagbyggar for klubben. For medlemmar og eksterne samarbeidspartar skal du vere ein trygg og samlande «gå til»-ressurs, som kan kommunisere godt med så vel unge fotballspelarar som media og sponsorar.
-
Tidlegare leiarerfaring er verdifullt.
-
Relevant utdanning og kompetanse vil verte vektlagt.
-
God forståing for marknadsarbeid og økonomi er ein fordel.
Plettfri vandel er eit absolutt krav.
Sykkylven Idrottslag tilbyr-
ei spanande leiarstilling med ansvar for å vidareutvikle ein fotballklubb med stort potensial
-
moglegheit til å påvirke og utvikle ein klubb med stor betydning for lokalmiljøet
-
eit fint samhald med flinke tilsette og engasjerte frivillige
-
løn etter avtale, pensjonsordning og fleksibel arbeidstid
Vi ser fram til å høyre frå interesserte søkarar!
Send søknad med CV til leiar.fotball@sykkylven-il.no
Om bedriften
Sykkylven IL er eit fleiridrettslag med om lag 1200 medlemmar, der rundt 600 av desse er aktive i fotballgruppa. Vi har fotballtilbod i alle klasser frå 6 år til senior, Dreamteam, ekstratiltak og fotballskular, og er som samfunnsaktør i tillegg arrangør av ulike events i bygda. Vi har aktivitet på to kunstgrasbaner, tre grasbaner og ein 7-arhall. Idrettslaget har p.t. 1,5 årsverk i administrasjonen, og fotballgruppa har ein deltidstilsett sportsleg koordinator.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b5b9ad90-02bd-44a1-8f3c-f378826ed316
- Hentet fra
FINN
- Referanse
427984365