Byggeleiarar bruprosjekt
Samferdselsområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune
Julsundvegen 9, 6412 Molde
Om jobben
Stillingstittel
Byggeleiarar bruprosjekt
Oppstart
3. november 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest mandag 15. september
Møre og Romsdal fylkeskommune har mange bruprosjekt i porteføljen dei komande åra. Alt frå mindre vedlikehaldsoppdrag til bygging av nye større bruer. Blant anna planlegg vi byggestart på ny Remøybru, Åndalsnes bru, Finnøybrua, Grøtta bru og Juvbrua dei komande åra. I tillegg er det mange spanande prosjekt i planleggingsfasen.
Til prosjektorganisasjonen søker vi inntil to byggeleiarar innanfor bruprosjekt. Du vil inngå i eit team med blant anna byggeleiarar, kontrollingeniørar og prosjekterande og rapporterer til prosjektleiar. Prosjektleiar vil styre på porteføljenivå og byggeleiarar følger opp enkeltprosjekt i prosjekterings- og utføringsfasen.
Den eine stillinga har kontorstad Ålesund.
Den andre stillinga kan ein velje mellom Ålesund, Molde og Kristiansund.
Du må rekne med ein del reising i heile fylket til dei ulike prosjekta og til dei ulike kontorstadane.
Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av
fylkesvegane. Vegprosjektseksjonen har i dag 50 tilsette med kompetanse innanfor prosjektleiing,
byggeleiing, HMS, økonomi og prosjektering. Inkludert i desse er byggherreorganisasjonane knytt til
veginvesteringsprosjekt, Bypakke Ålesund, bygging av Nerlandsøybrua, tunneloppgradering og ei rekkje andre bruer og ferjekaier
Arbeidsoppgåver
- Styre eigne prosjekt med ulik størrelse og kompleksitet- Følgje opp prosjekta gjennom alle fasar frå planlegging, prosjektering og anskaffing til gjennomføring og
overlevering.
- Ha ansvar for å levere prosjekta innafor definerte mål for HMS, ytre miljø, økonomi, framdrift og kvalitet.
- Rapportere til prosjektleiar og bistå prosjektleiar i styringa av prosjektporteføljen.
- Samarbeide med dei andre byggeleiarane og kontrollingeniørane i prosjektet og i avdelinga.
Kvalifikasjonar
- Bachelor eller master i ingeniørfag (min. 3-årig ingeniørutdanning frå universitet, høgskule eller liknande).- Erfaring i teknisk og/eller økonomisk oppfølging av entreprenørar eller leverandørar.
- Det er ønskeleg med god kjennskap til stål- og betongkonstruksjonar
- God kjennskap til digitale verktøy
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Vilje og evne til å samarbeide med og involvere interne og eksterne partar.
- Gode kommunikasjonsferdigheiter både munnleg og skriftleg
- Du er utviklings- og løysningsorientert
Arbeide nøyaktig og målrettet
Sjå behov og ta ansvar
Vi tilbyr
" ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø" god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
" offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
" løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Ragnhild Holen Relling, Prosjektleder prosjekt nerlandsøybrua, 47892170, ragnhild.holen.relling@mrfylke.noHallvard Rangnes, Prosjektleder prosjekt bru, 91700579, hallvard.rangnes@mrfylke.no
Arbeidsstad
Julsundvegen 96412 MOLDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5002940324
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 03.11.2025
Søknadsfrist: 15.09.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Ragnhild Holen Relling
Prosjektleder prosjekt nerlandsøybrua
47892170
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikk i fylket. Den er også den største vegeigaren i Møre og Romsdal med ansvar for 3300 kilometer fylkesveg. Vi har nær 180 medarbeidarar med kontorlokasjonar i Ålesund, Molde og Kristiansund. Samferdselsområdet er organisert med 2 fagavdelingar; FRAM kollektivavdeling og Fylkesvegavdeling.
FRAM er ansvarleg for buss, hurtigbåt og fylkesvegferjer, og skal sørge for at kollektivtilbodet i Møre og Romsdal vert drifta og utvikla på ein effektiv, god og miljøvenleg måte
Fylkesvegavdelinga har ansvar for trafikktryggleik, utvikling, utbygging, forvaltning og drift av fylkesvegar i Møre og Romsdal.
Samferdselsområdet har et solid kompetansemiljø innen sine fagområder.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til --> Samferdselsområdet (mrfylke.no)
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b5b8ed70-9455-487a-8113-8c5d3176ea87
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e5117b48b67840aca3de77753e2a7f15