Bibliotekar 100 % stilling
Sør-Fron kommune
Kommunevegen 7, 2647 Sør-Fron
Om jobben
- Stillingstittel
- Bibliotekar 100 % stilling
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 5. januar
Sør-Fron bibliotek søker deg som brenn for barns leseglede.
Du vil vera tilsett på Sør-Fron bibliotek og arbeide 50% som barnebibliotekar her ved vårt nye, flotte folkebibliotek, men også arbeide 50% som skulebibliotekar ved den nye 1-10-skulen som frå hausten 2026. Du vil samarbeide tett med lærarar og teamleiarar på skulen.
Sør-Fron bibliotek samarbeider og med helsestasjon, frivilligsentralen og frivillige lag og organisasjonar. På Sør-Fron bibliotek tilbyr vi ei rekkje aktivitetar for barn, unge og familiar. Du vil arbeide med samlingsutvikling, formidling og bibliotekrelatert arbeid på folkebibliotek og skulebibliotek.
Vi har databasesystemet Cicero og meiropesystemet Bibliotheca.
Nye Sør-Fron skule har om lag 300 elevar. På Sør-Fron skule er det eit mål å skape motivasjon for læring og ein skule der kvar enkelt elev skal få oppfylt sitt fulle faglege potensiale og bli eit trygt, aktivt og sjølvstendig menneske.
Arbeidsoppgåver
Som skulebibliotekar i 50% stilling måndagar, onsdagar og fredagar har du ansvar for:
- å utvikle, og samarbeide med lærarane om elevane si leseutvikling og leselyst
- å drifte skulebiblioteket
- klassebesøk og formidling
- å delta i delar av skulens utviklingsarbeid
- skulen si boksamling, herunder innkjøp, reparasjon og kassering, samt registrering og utlån
- å jobbe strategisk opp mot skulen si leiing og lærarar for at biblioteket sine tenester skal bli ein integrert del av skulen si pedagogiske verksemd
- å tydeleggjera biblioteket si verksemd inn i skulen sine ulike fagplanar
- å utvikle aktivitetar og opplegg for elevane forankra i gjeldande læreplanverk både på skulen og i biblioteket
Som bibliotekar 50% stilling tysdagar, torsdagar og laurdagsturnus med vakt kvar tredje helg:
- planlegg og gjennomfører du Sommerles-kampanjen og Vinterles-kampanjen
- deltek du i dagleg drift av biblioteket etter oppsett turnus
I tillegg kjem andre oppgåver knytt til dagleg drift.
Kvalifikasjonar
- Bachelor i bibliotek- og informasjonsvitskap, skulebibliotekkunnskap, eller pedagog med arbeidserfaring frå bibliotek. Personlege eigenskapar blir vektlagt.
- Minimum to års arbeidserfaring med barn og unge
- Erfaring frå arbeid med skulebibliotek er ønskjeleg
- Erfaring med planlegging og gjennomføring av formidling
- Kompetanse innan kjeldekritikk og nettvett
- God kompetanse i bruk av digitale verktøy
Personlege eigenskapar
- Du er god på å skape trygge og gode relasjonar med barn
- Du må både kunne arbeide sjølvstendig og fungere godt i team
- Det er ønskjeleg at du har interesse for litteratur og kultur
- Du er god på å drive formidling
- Du er tolmodig
- Du har god planleggings- og gjennomføringsevne
- Du kommuniserer godt med alle type menneske
- Du må vera serviceinnstilt og løysingsorientert
- Du taklar uventa situasjonar og yter service i stressande situasjonar
- Du er oppsøkjande og open i møte med barn og unge
- Du trivst i hektisk miljø med mange barn på besøk
Vi tilbyr
- Varierte og innhaldsrike arbeidsoppgåver
- Trivelege og serviceinnstilte kollegaer
- Gode moglegheiter for fagleg og eiga utvikling
- Løn etter kommunens lønsregulativ for stillingar med krav om høgare 3-årig utdanning
- Gode pensjons- og forsikringsordninger
Relevante vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.
For stillinga krevst det at gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd, blir lagt fram før tilsetting, jfr. opplæringslova 10-9 og forskrift 15.
Kontaktinformasjon
Marit Kamp Lie, Biblioteksjef, 97015275, marit.kamp.lie@sor-fron.kommune.noArbeidssted
Kommunevegen 72647 Sør-fron
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Sør-Fron kommuneReferansenr.: 5053367270
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Velkome åt Sør-Fron!
Vår visjon er «den grøne kulturbygda».
Sør -Fron er ei bygd med skaparkraft og hjarterom – ei trygg, inkluderande og innovativ kulturbygd med moglegheiter for alle. Trua på samhandling, likeverd og fellesskap skal vera førande for korleis vi løyser og utviklar oppgåvene våre saman.
Vi er om lag 400 tilsette som er stolte av å kunne levere gode tenester kvar dag til vel 3000 innbyggarar og fritidsinnbyggarar i Sør-Fron kommune.
Sør-Fron kommune skal vera inkluderande og mangfaldig, og våre tilsette skal spegle kommunen si befolkning. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søke jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, kjønnsidentitet, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn. Sør-Fron kommune legg vekt på å legge arbeidstilhøva til rette dersom du har behov for det.
Offentleg søkarliste:
Sør-Fron kommune praktiserer prinsippet om meiroffentlegheit. Offentleg søkarliste vil normalt innehalde namn på samtlege søkarar. Det må ligge føre tungtvegande grunnar for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova §25.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b5b5bc39-0e33-429e-aba3-b8011fe32427
- Sist endret
12. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
aee0f931e19d409a8199031d1ae998cf
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Sør-Fron kommune
Sted
Sør-Fron
Tilkallingsvikar - skoler og barnehager
Arbeidsgiver
Sør-Fron kommune
Sted
Sør-Fron
Barnehagelærer
Arbeidsgiver
Sorperoa Barnehage As
Sted
Vinstra