Miljøterapeut ved Selbjørn skule
Austevoll kommune
Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø, Selbjørn skule Gullsmedvegen 20, 5397 Bekkjarvik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapeut
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 24. oktober
Om arbeidsstaden
Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelsa og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.
Selbjørn skule er ein barneskule med om lag 170 elevar og 35 tilsette. Vi held til i flotte omgivelsar i Bekkjarvik. Skulen har gode undervisningsrom, idrettshall, kultursal, flott musikkavdeling og stort uteområde.
Vi er med i Trivselsleiar-programmet, som er det største programmet i Skandinavia for aktivitet og inkludering i barne- og undomsskule. Konseptet TL-undervisning kombinerer fysisk aktivitet og læring i undervisningen. Hos oss bidrar både tilsette og elevar til eit betre samhold og eit tryggare skolemiljø gjennom organisert aktivitet i friminuttene.
Om stillinga
Selbjørn skule har ledig etn 100% vikariat stilling som miljøterapeut ut skuleåret 2025-2026.
Austevoll kommune er under omstilling. Arbeids- og ansvarsområde kan derfor bli endra.
Ansvars- og arbeidsoppgåver- Bygge relasjonar med elevar
- Bidra til eit trygt og inkluderande skulemiljø
- Forebygge og handtere konfliktar
- Arbeide i team
- Elevrådsarbeid
- Samarbeid skule - heim
- Aktiv deltaking i skulen sine utviklingsprosjekt
- Samarbeid internt og med andre faginstanser
- AART
- Deler av stillinga vil vere i sfo
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav- Godkjent utdanning som barnevernspedagog, sosionom, vernepleiar eller annan sosialfagleg utdanning
- Erfaring med barn og unge, gjerne med utfordrande åtferd eller psykososiale vanskar
- Gode samarbeidsevner og tverrfagleg forståing
- Er strukturert, sjølvstendig og fleksibel
- Vere samarbeidsvillig og inkluderande
- Ha gode skriftleg og munnleg norskkunnskapar
- Ha god IKT-kompetanse
Vi tilbyr
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søker du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
Kommunen har eit folketal på om lag 5400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b5b166e2-eb3b-4767-8f3e-e31a1c994e98
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10266401