Hopp til innhold

Midlertidig lærarstilling

Arbeidsgiver

Gjemnes kommune Angvik Skule

Sted

Angvikvegen 53, 6636 Angvik

Om jobben

Stillingstittel
Lærar
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. november

 

 Vil du bli ein del av eit engasjert og inkluderande lærarteam?

 

Gjemnes kommune ligg vakkert til på Nordmøre, midt mellom Kristiansund og Molde. Med sine naturskjønne omgjevnader byr kommunen på flotte moglegheiter for friluftsliv året rundt, perfekt for deg som likar ein aktiv livsstil. Kommunen har omlag 2700 innbyggjarar.

Vi har eit godt arbeidsmiljø, der vi byggjer verksemda vår på lagånd, ansvarleggjering og lojalitet, med eleven i sentrum.

 

Om skulen

Angvik skule er ein fådelt barneskule, 1.-7. med omlag 40 elevar. Vi er 10 tilsette som kvar dag arbeider for å gi elevane eit  trygt og inkluderande læringsmiljø. Skulen vart renovert i 2024 og har moderne fasilitetar. 

 

Visjonen til oppvekssektoren er: "Vi lar flammen brenne!" Vi ønskjer å gi elevane eit sterkt sjølvbilete, tryggleik i samhandling med andre og lyst til vidare utdanning. Som ein del av Oppvekstnettverk Nordmøre deltek vi aktivt i læringsløypa språk og skriv. Vi er òg med i prosjektet "Læring i friluft".

 

Vi har med atterhald, ledig ei mellombels lærarstilling fram til 31.7.2027 med moglegheit for forlenging.

 

Vi ser etter deg som: 
  • Har eit positivt elevsyn og skaper gode relasjonar til elevane.
  • Er ein inkluderande, tydeleg og omsorgsfull klasseleiar.
  • Er utviklingsorientert, fleksibel og endringsvillig.
  • Har gode samarbeidsevner og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
  • Har gode digitale ferdigheiter og evnar å bruke teknologi i undervisninga.
  • Er engasjert, motivert og brenn for læring og utvikling.

 

Kvalifikasjonskrav
  •  Godkjend lærarutdanning i samsvar med opplæringslova § 17-3.
  •  

    Vi tilbyr
    • Ein spennande arbeidskvardag i eit sterkt fagmiljø.
    • Gode utviklingsmoglegheiter og deltaking i faglege nettverk.
    • Løn etter gjeldande regelverk.
    • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
    • Yrkesskade- og gruppelivforsikring.

     

    Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald og oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til  å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg til rette for arbeidsforholda ved behov.

    Etter at søknadsfristen er gått ut, vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Dersom du ønskjer unntak frå innsyn, må dette grunngivast i søknaden. Søkjarar som ikkje får innvilga ønsket om unntak, vil bli varsla.

    Den som blir tilsett, må før tiltredning leggje fram politiattest i samsvar med opplæringslova § 17-11. Tilsetjing skjer under føresetnad av at politiattesten ikkje inneheld merknader som er til hinder for tilsetjing.

    Busette i Gjemnes kommune får nedskriving av studielånet sitt frå og med januar 2026.

    Er du klar for ein givande jobb der du kan gjere ein forskjell? Send inn søknaden din i dag!  

     


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Therese Hvattum Asphol

    +47 99789781

    therese.hvattum.asphol@gjemnes.kommune.no

    Om bedriften

    Gjemnes kommune ligger på Nordmøre sentralt plassert midt mellom byene Kristiansund og Molde i Møre og Romsdal fylke. Gjemnes har ca 2750 innbyggere og et areal på ca 381 km2. Kommunesenteret ligger i tettstedet Batnfjordsøra.

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    b568340a-d6c3-426d-a555-67d1d21a2c74

    Sist endret

    6. november 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3676719_181833_no

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser