Seksjonsleiar IT
Brønnøysundregistera
Havnegata 48, 8910 Brønnøysund
Om jobben
- Stillingstittel
- Seksjonsleder IT
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest mandag 17. november
Vi søker leiar for den nye IT-seksjonen vår
IT-avdelinga vår veks, ein ny seksjon er på plass og vi har derfor behov for ein dyktig seksjonsleiar.
Vi ser etter deg som har erfaring både med teknologi- og personalleiing. Du får budsjett- og personalansvar for medarbeidarane i seksjonen og inngår i leiargruppa til avdelinga, som i dag består av seks seksjonsleiarar og ein avdelingsdirektør.
Avdelinga har nær 130 medarbeidarar og er ansvarlige for mellom anna alle dei digitale tenestene våre, cybersikkerheit, og bidrar i den digitale utviklinga av nye tenester med kompetanse, kvalitet, metodikk, prosessar og rammeverk.
Den nye seksjonen vil ha eit særleg ansvar for å vidareutvikle, drifte og vedlikehalde tenester på Brønnøysundregistera si nye digitale tenesteplattform.
Hovudarbeidsoppgåvene dine vil vere å
- leie, følge opp og vidareutvikle høgt kvalifiserte teknologar
- koordinere og styre ressursane i seksjonen
- følge opp seksjonen sine mål, planar og budsjett
- bidra til å bygge ein felles teknologikultur
Kvalifikasjonar
Du har
• 3–5 års teknisk høgare utdanning. Realkompetanse med særskild relevans for stillinga kan kompensere for delar av utdanningskravet
• erfaring med leiing i ein teknologiorganisasjon, frå roller som for eksempel personalleiar, prosjektleiar, eller andre roller der du har hatt ansvar for styring og leiing av menneske
• svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Det er ein føresetnad at den som blir tilsett kan autoriserast for AVGRENSA.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter fleire gode eigenskapar hos den nye seksjonsleiaren vår. Du må vere flink til å bygge kultur og kunne engasjere, motivere og bygge relasjonar både internt og eksternt. Evna til å vere fleksibel, men samtidig stødig for å nå måla, set vi høgt.Du må kunne prioritere i ein travel arbeidsdag og du er positiv til nye utfordringar.
Dette får du hos oss
- interessante og utfordrande oppgåver innan digitalisering og forenkling av Noreg
- eit godt arbeidsmiljø med uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
- gode moglegheiter for kompetanseheving
- fleksibel arbeidstid med god balanse mellom arbeidsliv og privatliv
- moglegheit for trening i arbeidstida og godt utstyrt trimrom
- moderne kontorlokaler med fantastisk utsikt over Helgelandskysten.
- medlemskap i Statens pensjonskasse som er ei av landet sine beste pensjonsordningar, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
- hjelp til å skaffe bustad
Vi er behjelpelege med å skaffe bustad, og flyttekostnader kan dekkast etter nærare avtale. Ved flytting til Brønnøysund kan vi dekke husleige med inntil 10 000 kroner dei første seks månadene etter oppstarten av arbeidsforholdet. Dette er skattepliktig inntekt.
Stillinga er fast og lønna som underdirektør med årslønn frå kr 900 000 – 1 000 000, avhengig av kvalifikasjonane dine. For særleg kvalifiserte kandidatar kan noko høgare lønn vurderast. Prøvetida er seks månader.
Vi har eit rekrutteringssamarbeid med Brønnøy kommune og Digitaliseringsdirektoratet. Har du ein partnar som har behov for arbeid, kan vi formidle kontakt med desse.
Inkludering og mangfald er viktig for oss
Vi ønsker å vere ein inkluderande arbeidsplass, der vi speglar mangfaldet i befolkninga. Vi treng medarbeidarar med ulik erfaring, bakgrunn, kompetanse og kvalifikasjonar for å løyse samfunnsoppdraget vårt. Har du hol i CV-en , nedsett funksjonsevne eller innvandrarbakgrunn oppfordrar vi deg til å krysse av for det når du søker stilling hos oss. Vi kallar inn minst ein kvalifisert søkar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Bu i Brønnøysund
Brønnøysund er ein triveleg liten kystby sør på Helgeland. Vi har korte avstandar til det meste og masse vêr – uansett årstid! Er du glad i naturopplevingar har vi eit utal moglegheiter. Moglegheitene er mange også for deg som heller føretrekk ein tur på kafe eller restaurant, er opptatt av kultur eller ulike treningsmoglegheiter innandørs.
Korleis er det å jobbe hos oss, eigentleg?
Vi vil at du skal kjenne deg trygg på valet når du takkar ja til å jobbe hos oss. Dersom du er aktuell for stillinga, tilbyr vi deg ein omvend referansesjekk. Det betyr at du får ringe nokre av medarbeidarane våre og stille dei spørsmåla du måtte ønske for å finne ut om vi er ein god match.
Verd å merke seg før du søker
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste. Ønsker du å bli unntatt frå den offentlege søkarlista, må du grunngi kvifor. Vi tar kontakt med deg dersom vi ikkje tar ønsket ditt til følgje, og du får moglegheit til å trekke søknaden din.
For å bli vurdert som søkar, må du legge ved relevante attestar og vitnemål. Vitnemål frå utdanning tatt i Noreg lastar du opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b4f78105-ff05-4ae6-9a82-441c6c64fb07
- Sist endret
29. oktober 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10268309
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Brønnøysundregistrene
Sted
Brønnøysund
Arbeidsgiver
Digitaliseringsdirektoratet
Sted
Brønnøysund
Arbeidsgiver
Digitaliseringsdirektoratet
Sted
Brønnøysund, Oslo, Leikanger