Helsesjukepleiar
Tenesteområde Helsestasjon og jordmor, Haram kommune
Strandgata, 6270 Brattvåg
Om jobben
Stillingstittel
Helsesjukepleiar
Oppstart
1. januar 2026
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 24. oktober
I helsestasjonstenesta har vi no ledig 80 % fast stilling.
Stillinga er organisert under livsløp, eit kommunalområde der ein har samla fleire tenester som er viktige bidragsytarar i livsløpet til kommunen sine innbyggjarar. Saman med oss skal du vere med å levere gode tenester til barn, ungdom og deira føresette i Haram kommune.
Kommunalområde livsløp består av tenesteområde psykisk helse og rus, pedagogisk fagsenter, ressursbase, integrering, barnevern, NAV, ergoterapi, fysioterapi, lege og helsestasjonstenester.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode, heilskaplege tenester. Vi skal særleg ha fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggjarar og næringsliv. Helsestasjonen er ei teneste for barn og unge frå 0-24 år.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene er heimla i lov om kommunale helse-og omsorgstenester og omfattar helsestasjon, skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom
- Rettleiing til barn og unge, samt til foreldre og kollegaer
- Individuelle samtalar
- Heimebesøk
- Samarbeid med andre utøvande tenester
- Du må rekne med noko reiseaktivitet, og eigen bil må påreknast brukt i tenesta
Kvalifikasjonar
- Godkjent helsesjukepleiarutdanning (sjukepleiar som er under helsesjukepleiarutdanning kan søkje og bli vurdert for tilsetting)
- Erfaring frå arbeid med barn og unge
- Relevant kompetanse ift. arbeid med psykisk helse blant barn og unge er ein fordel
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
For stillingane vil det bli lagt stor vekt på at ein er personleg eigna og vi ynskjer ein person som er ein god lagspelar
- Ha gode kommunikasjons- og samhandlingsevner
- Stor evne til å oppnå kontakt og skape gode relasjonar til andre
- Ha evne til å arbeide målretta, strukturert og sjølvstendig
- Er utviklingsorientert, fleksibel og samarbeidsvillig
- Har vilje og interesse for utvikling av organisasjonen og medarbeidar ved å samhandle
- Likar å arbeide tverrfagleg og i tett samarbeid med andre instansar
Vi tilbyr
- Meiningsfylt og interessant arbeid i eit triveleg miljø i stadig utvikling
- Utfordrande oppgåver i ein organisasjon med stort potensial og kompetente kollegaer
- Tverrfagleg samarbeid og kompetanseutvikling
- Godt arbeidsmiljø i nye og moderne fasilitetar på tenestehuset i Brattvåg
- Løn etter avtale. Pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP
Kontaktinformasjon
Bodil Otterlei Fjørtoft, Avdelingsleiar, 94877007, bodil.johanne.otterlei.fjortoft@haram.kommune.noElly Christine Volsdal Slettvoll, Tenesteleiar, 90158565, elly.christine.volsdal.slettvoll@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Strandgata6270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5022702754
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.01.2026
Søknadsfrist: 24.10.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Elly Christine Volsdal Slettvoll
Tenesteleiar
90158565
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b478d05c-83fd-4f5e-91ca-1a3ae234077b
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a8dba4d648774cd29104f81404577923