Barne- og ungdomsarbeidar/assistent
Klepp kommune, Borsheim barnehage
Nordsjøvegen 230, 4352 Kleppe
Om jobben
- Oppstart
- 2. november 2026
- Stillingstittel
- Barne- og ungdomsarbeidar/assistent
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest fredag 9. oktober
I Borsheim barnehage har me ledig 100 % vikariat som barne-og ungdomsarbeider stilling frå 01.11.2026 til - 13.08.2027 (Fleksibel oppstartsdato, moglegheit for forlenging). Ved mangel på kvalifiserte søkarar kan personar med ynskje om å ta fagbrev eller med erfaring som assistent frå arbeid i barnehage bli vurdert.
Borsheim barnehage har 4 avdelingar og ligg midt i det beste Klepp kommune har å by på. Her er det kort veg til sjø og strand, skog og vatn og eit rikt dyreliv. Den unike beliggenheten nyttar me som ein naturleg plass for leik, læring og utvikling.
Me har eit godt fagleg miljø med fokus på vidare utvikling. Gjennom barnehagebasert kompetanseutvikling sikrar me at me er ein lærande organisasjon og at heile personalgruppa deltek i felles utviklingsprosessar. Mer er sertifisert Marte Meo barnehage og har fleire Marte Meo praktikarar og ei som er Marte Meo terapeut i barnehagen. Marte Meo er ein utviklingsstøttande metodikk som blir brukt i rettleiing av personale for å auka relasjonskompetansen og kvaliteten på samspelet med barna.
Me har eit stort fokus på trygt og inkluderande barnehagemiljø med autoritative vaksne. Tidleg innsats med Kleppmodellen som verktøy, ASK og eit godt språkmiljø, livsglede og psykisk helsefremmande leikemiljø er noko av det me arbeider med i Borsheim barnehage.
Me er no på jakt etter deg som kan bidra til at barna i Borsheim barnehage får ein trygg, utforskande og innhaldsrik kvardag.
Intervjuprosessen vil foregå fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Delta i planlegging av gjennomføring av det pedagogiske arbeidet i tråd med gjeldande lovverk og planar
- Medverka til at barnehagens innheld og verksemd held ein høg fagleg kvalitet
- Bidra til eit godt samarbeid i perosnalgruppa, med føresete og andre innstansar
- Delta aktivt i leik med barna både inne og ute
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne-og ungdomsarbeidar
- Relevant erfaring kan og vurderast
- Gode norkskunnskapar (muntleg og skriftleg)
- Ved anna morsmål enn norsk er det krav om dokumentasjon språknivå 1
- Gode digitale kunnskapar
- Godkjent politiattest må føreligga før tilsetjing
Personlege eigenskapar
- Du har interesse for og ynskje om å arbeide for barnas beste
- Du har blikk for barnas leik og er aktiv i lag med barna i leiken inne og ute
- Du er positiv, og vil vera med på å skapa/oppretthalda eit godt arbeidsmiljø
- Du er god på å arbeida sjølvstendig og i team
- Du ser på barn og føresette med respet, viser omsorg, glede og er fleksibel
- Du er raus og byr på deg sjølv
- Du har god evne til å samarbeide med kollegaer, føresette og andre samarbeidspartnarar
- Du har fokus på nærvær
Vi tilbyr
- Spanande pedagogiske utfordringar
- Ein variert og innhaldsrik kvardag
- Stabilt personale, lågt sjukefråvær og eit godt arbeidsmiljø med mykje latter og glede
- Fadderordning
- Klesgodtgjørelse
- Lønn etter gjeldande avtaleverk og pensjonsordningar i KLP
- Klepp kommune har diverse velferdsordningar og gode pensjons og forsikringsordnignar. Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram i utlysninga, og til dei einkvar tid gjeldande lovar, reglar og tariffavtalar.
Kontaktinformasjon
Karen Norstein Danielsen, Styrar, +47 40488031Arbeidsstad
Nordsjøvegen 2304352 Kleppe
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 5185764011
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 02.11.2026
Sluttdato: 13.08.2027
Søknadsfrist: 09.10.2026
Kontaktperson for stillingen
Karen Norstein Danielsen
Styrar
+47 40488031
Om bedriften
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b38c7d91-1bca-42a9-b80a-8b13902a9e6e
- Sist endret
29. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9ef0e23672514d279006e31087f7943e