Utan deg, ingen løn i Solund Kommune!
Solund kommune Stab
Hardbakke 26, 6924 Hardbakke, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Løns- og økonomimedarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 14. september
Solund kommune har behov for ein løns- og økonomimedarbeidar i 100% fast stilling. Vi har omlag 150 tilsette som skal ha løn kvar månad, og køyrer også løn for Fjordane Friluftsråd KO og Solund sokneråd. Til stillinga vil det også ligge kontrolleroppgåver mot kommunerekneskapen. Økonomikontoret i Solund er eit lite fagmiljø med eit godt arbeidsmiljø
Vi ser etter deg som er strukturert og sjølvstendig. Du har gjerne 3-årig relevant høgare utdanning, men relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning. Erfaring med løns- og økonomisystemet Visma Enterprise Plus vil vere ei føremon.Vi tilbyr:· Variert, tverrfagleg samarbeid
· Løn iflg. tariff
· Kjekke kollegaer
· Fleksitid og moglegheit for delvis heimekontor
· I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: Offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Les meir om medlemsfordelane i KLP her
Om dette verkar spanande og du har relevant utdanning eller erfaring, slå gjerne på tråden til stabsleiar Amund. Han gler seg til å høyre frå deg!
Vi gjer merksam på at søkjarliste er offentleg informasjon. Du kan be om at namnet vert unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. § 25 i offentleglova. Om kommunen ikkje kan innvilge søknaden, vil du bli varsla før søkjarlista vert ferdigstilt.Solund kommune har vurdert marknadsføring av stilling, og ynskjer berre kontakt med søkjarar.Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b3628450-87fd-4d78-8081-1a51564fe6ab
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3535319_140883_nn