Sjukepleiar - 100 % fast - Tysnes omsorgssenter
Tysnes kommune
Tysnes omsoorgssenter, 5685 Uggdal
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 10. september
Me søkjer etter deg som har engasjement for eldreomsorg!
Me har ledig ei 100 % stilling som sjukepleiar i todelt turnus med arbeid i snitt kvar 3.helg.
Tysnes omsorgssenter ligg i nye, fine lokaler, i eit moderne bygg som stod ferdig i 2017. Me er oppteken av pasientnært arbeid, og velferdsteknologi er eit av hjelpemidlane som gjev oss meir kvalitetstid med bebuarane. Tysnes omsorgssenter består av 30 institusjonsplassar, plassar til korttids- og rehabiliteringsopphald og dagsenter for personar med demens. Me har óg ein KAD-plass der det vert gitt tilbod om augeblikkeleg hjelp som alternativ til innlegging på sjukehus.
Heimetenesta er lokalisert i samme bygg, og me har eit tett samarbeid for å sikre gode tenester og eit heilskapleg pasientforløp.
Arbeidsoppgåver
- Heilskapleg ansvar for pleie- og omsorg relatert til bebuarane.
- Sjukepleiarfaglege oppgåver og vurderingar.
- Miljøarbeid og utvikla ADL-ferdigheiter.
- Lage og følgje opp pleieplanar og prosedyrar.
- Deltaking i gruppemøter, dagleg rapportering og ulike fagmøter.
- Rettleiing av personalet og tverrfagleg samarbeid.
- Pårørandesamarbeid.
- Dokumentasjon i CosDoc.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Relevant erfaring og kjennskap med brukargruppa er eit ønskje.
- Tverrfagleg forståing - saman yt me best teneste.
- Gode grunnleggjande datakunnskap.
- God norskkunnskap, både munnleg og skriftleg.
Ved ei eventuell tilsetjing må du leggja fram:
- Politiattest (ikkje eldre enn 3 månader), politiattest, jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
- Eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose.
Personlege eigenskapar
- Du ser verdien av ei heilskapleg og personsentrert omsorg, og fordelar med aktivitet og mobilisering av brukarane sine ressursar.
- Du brenn for faget, tek ansvar og arbeidar målretta med pasientplanar, og oppfølginga av desse.
- Du er vennleg og tillitsvekkande, fleksibel, viser initiativ, og er delaktig i utviklinga for godt pasientarbeid og arbeidsmiljø.
- Du har pågangsmot, har løysingsfokus og gode samarbeidsevner.
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Kvifor skal du jobba hos oss?
Blir du motivert av å jobba på ein arbeidsplass der me saman skal gje gode helsetilbod og verdige rammer for våre bebuarar? Då trur me du vil trivast hos oss! Hos oss blir du ein del av ei personalgruppe med høgt fagleg fokus, du vil få god opplæring med fokus på fagleg kvalitet. Du vil og oppleva ein utfordrande, hektisk og lærerik arbeidskvardag i eit godt og trygt arbeidsmiljø.
Hos oss får du rammer som sikrar deg ei fornuftig balanse mellom jobb og fritid gjennom årsturnus. Turnusen er to-delt, med arbeid kvar 3.helg. Medlemskap i KLP føl med tilsetjing. Det betyr at du får blant ein av Noregs beste pensjonsordningar og høve til å søka om bustadlån med gunstige betingelsar. Les meir på KLP sine nettsider.
Du blir tilsett i sjukepleiar-stilling, med lønsplassering kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år vert det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar.
I Tysnes kan du få mulighet for kr 25 000 i avskriving av studielånet ditt årlig fra 2026, når Ny ordning for distriktskommuner blir vedteke av Stortinget.
Informasjon til søkar
Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.
Du må sende inn søknaden via Jobbnorge. Søknadar som kjem inn på andre måtar, til dømes på e‑post eller til postmottak, blir ikkje vurderte.
Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.
Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 3000 godlyndte innbyggjarar i Tysnes.
Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er opptekne av å skapa gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b32374bb-6bf5-4db4-bc13-36056b62472c
- Sist endret
21. august 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10306397