Logoped
Austrheim kommune
Sætremarka 2, 5943 Austrheim
Om jobben
Stillingstittel
Logoped
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. oktober
Om stillinga
Fensfjorden PPT er ei interkommunal teneste for kommunane Austrheim, Fedje, Gulen og Masfjorden med Austrheim som vertskommune. Vi søkjer ein engasjert logoped til pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), fast 60%. Hos oss får du bruke fagkunnskapen din til å utgjere ein skilnad for einskildmennesket- frå barnehageborn, skuleelevar og vaksne. Du vert ein del av eit lite kontor med brei fagleg kompetanse, der samarbeid, kvalitet og varme står i sentrum.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegging og behandling av språk-, tale-, stemme- og svelgvanskar.
- Planlegging og gjennomføring av individuelt tilpassa tiltak.
- Tidleg innsats og førebyggjande arbeid i barnehage og skule.
- Rettleiing til tilsette, føresette og samarbeidspartnarar.
- Deltaking i tverrfagleg samarbeid.
- Utarbeide sakkunnige vurderingar.
Kvalifikasjonskrav
- Autorisert logoped.
- Erfaring med kartlegging og behandling, samt testkompetanse.
- Gode samarbeidsevner og evne til arbeide sjølvstendig.
- Førarkort klasse B.
- Erfaring frå barnehage, skule og/eller helsetenesta er ein fordel.
Kven ser vi etter?
- Gode samarbeid- og kommunikasjonsevner.
- Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta.
- Høg grad av fagleg integritet og etisk medvit.
- Evne til å skape tryggleik og tillit hos brukarar og samarbeidspartnarar.
Me tilbyr
- Eit lite kontor med brei fagleg kompetanse og inkluderande arbeidsmiljø.
- Varierte arbeidsoppgåver med stor grad av sjølvstende.
- Moglegheit til å påverke og vidareutvikle logopedtilbodet i kommunane.
- Tilgong til bil i tenesta - stillinga inneber ein del reising i dei fire kommunane.
Heim til Austrheim
Me bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.
Me skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar me aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Me vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.
Sletting av studielån for innbyggjarar i Austrheim kommuneEr du busett i Austrheim kommune og i arbeid, kan du få sletta inntil 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år. Oppteninga startar 1. januar 2025, noko som betyr at fyrste mogleg gjeldssletting vil vere 1. januar 2026. Lånet kan slettast med 25 000 kroner kvart år så lenge du er yrkesaktiv og bur i kommunen, til heile lånet er nedbetalt.
Ordninga gjeld for alle som er yrkesaktive og bur i éin av dei 189 kommunane som frå 1. januar 2025 er klassifiserte på sentralitetsnivå 5 eller 6, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB). Dette omfattar òg personar som flyttar til ein av desse kommunane etter denne datoen.
Tiltaket gjeld all type utdanningsgjeld, uavhengig av når lånet vart teke opp.
Kjelde: www.regjeringa.no
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUgOm bedriften
Austrheim kommune (ca. 3000 innb.) Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim - både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her.Austrheim inviterer deg til opne landskap - med eit ope sinn!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b2e9580b-4738-4969-9da3-6f190550a62d
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10260665