Lege i spesialisering - seksjon for medisinske leger i Kristiansund
Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei, 6408 Aureosen
Om jobben
Stillingstittel
Lege i spesialisering - seksjon for medisinske leger i Kristiansund
Type ansettelse
Fast
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1
Ynskjer du ei spesialisering innan indremedisinske fag? Bli med på laget vårt!
Ved seksjon for medisinske legar i klinikk SNR - Kristiansund sjukehus, vil du
få ei unik breddekompetanse i generell indremedisin og vidare plan til ein
spesifikk subspesialitet etter ynskje og behov. Seksjon for medisinske legar i Klinikk SNR - Kristiansund sjukehus har ledig faste stillingar for
lege i spesialisering innan indremedisin. Det er vidare mogeleg med
spesialisering innan ein av dei åtte tradisjonelle indremedisinske
spesialitetane.
Avdelinga har spesialistar i generell indremedisin med greinspesialitetar innan
gastroenterologi, lungemedisin, hematologi, kardiologi, geriatri, nefrologi og
akutt- og mottaksmedisin. Avdelinga har også LIS1-legar og studentar frå NTNU.
Medisinsk avdeling i Kristiansund har eit aktivt og velfungerande kollegium av spesialistar og legar
i spesialisering (LIS). Legar ved medisinsk avdeling har ansvar for pasientar
innanfor ulike fagområder som hjarte- og lungesjukdomar, fordøyelsessjukdomar,
akutt- og mottaksmedisin, medisinsk kreftbehandling og hematologi, hjerneslag,
nyresjukdomar, og geriatri. Avdelinga har også ansvaret for
overvakingssenger på felles intensivavdeling, samt mottak og vurdering av
pasientar i akuttmottak. Vi har veldifferensierte poliklinikkar med høgt
fagleg nivå.
Vi vil sørgje for at du tilegner deg læringsmål og ferdigheiter både
innanfor indremedisinske fag ved rotasjon på sengepost, og ved å
delta i poliklinisk aktivitet også innanfor indremedisinske fag. LIS 2/3
legar deler sekundærvakta.
Vi satsar på høy fagleg kvalitet, utdanning, prosedyreopplæring, aukande forskingsaktivitet og kan
signere for et godt arbeidsmiljø. Hovedfokuset er fag men vi satser også på å
ha det kjekt på jobb.
Vi har hyppige internundervisningar med høg kvalitet og eit godt medisinsk akutt team leidde
av enten akutt- og mottaksmedisiner eller LIS2/3 i vakt. Vi har tidleg og
systematisk opplæring i vaktrelevante prosedyrar, som leiing av medisinsk team
(MET-team), bruk av ultralyd i vakt og liknande.
Nytt felles akuttsjukehus
for Nordmøre og Romsdal (SNR Hjelset) er under bygging i Molde kommune og
skal stå klart for innflytting våren 2025. I SNR Kristiansund vert det vidare
eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med ca 80 % av dagens polikliniske
aktivitet, dagbehandling og dagkirurgi.
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevarar, og ev anna relevant
dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i
spesialisering.
Kvalifikasjonar
- Godkjent del 1 av spesialistutdanning eller turnustjeneste etter gammel ordning
- Mestre norsk språk - skriftlig og muntlig tilfredsstillende
- Erfaring innen indremedisin eller anna relevant spesialitet fra før er en fordel
Personlege eigenskapar
- Du er positiv
- Du har gode samarbeidsevner
- Du jobber godt alene og i team
- Du er opptatt av evidensbasert medisin, og å jobbe kontinuerlig med faglig utvikling
- Du er strukturert og fleksibel
- Du deltar aktivt i arbeidet med å utvikle seksjonen og for et godt arbeidsmiljø
- Du er sulten på ny kunnskap og erfaring
- Personleg eigenskapar blir vektlagt ved ansettelse
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Inger Stokke, Konst. seksjonsleiar, 41928023Arbeidsstad
Herman Døhlens veiKristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4755753538
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.02.2024
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2565676
- Sist endret
1. mars 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b3489465c53e4bb494e41d6de224d0b2