Helsefagarbeidar 100% fast stilling
Sveio kommune
Åsvegen 3, 5550 Sveio, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar 100% fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 24. september
Om stillinga
Eining Habilitering har bustad for utviklingshemma som ligg sentralt i Sveio sentrum. Åsvegen bueining søkjer helsefagarbeidar i 100% stilling til avdelinga. Har du lyst å arbeida i eit spanande fagmiljø, med brukar med samansatte utfordringar, er du den rette for oss.
Me nyttar attraktiv langvaktsturnus med arbeid på 4. kvar helg og vakter på inntil 14 timars varighet. Dette er ein turnus som er godkjent for 1 år om gangen. Du følgjer då brukar fra morgon til kveld, og er med på tilrettelagt arbeid og fritidsaktivitetar. Dette gjer dagen forutsigbar for brukar og deg som tilsett. Ein blir kjent med alle brukarar som bur hos oss, slik at ein får variasjon i arbeid og kan væra med å tenke heilhetleg for drifta.
Saman med gode kollegaer og godt fagarbeid, får du gjennom denne stillinga moglegheit for å gjere kvardagen til våre beboarar fin gjennom god livskvalitet og mestring.
Arbeidsoppgåver
- Medikamenthandtering
- Arbeide med utviklingshemming og psykisk helse-utfordringar
- Ha interesse og erfaring med utfordrande atferd
- Kunne vurdera og ta avgjersler i utfordrande situasjonar
Kvalifikasjonar
- Autorisert helsefagarbeidar, men andre med relevant utdanning på fagarbeidar nivå kan også søkje
- Videreutdanning innen psykisk helse, PAS eller anna relevant utdanning kan være ein fordel
- Erfaring frå arbeid med utfordrande atferd og psykisk helse er ein fordel
- Personleg egnethet vil bli vektlagt
- Norsk er arbeidsspråk i Sveio kommune. Du snakkar, les og skriv så godt at du kan både samarbeide med andre og utfører arbeidsoppgåvene dine sjølvstendig.
- Førarkort kl B, manuell gir
- Godkjent politiattest
Personlege eigenskapar
- Me legg vekt på at du er fleksibel og evnar å tilpassa deg situasjonar og nye arbeidsoppgåver. Du likar å finne løysingar saman med din gode kollegaer
- Du må gjere deg kjent med tidlegare erfaringar om brukar, og utvikle fagarbeidet
- Du evnar å stå i tøffe situasjonar og taklar utfordring og stressa situasjonar på ein tilfredsstillande måte
- Du er fagleg engasjert, og held deg fagleg oppdatert
- Du jobbar målretta, systematisk og sjølvstendig, samtidig som du er opptatt av å ha eit tett og kontruktivt samarbeid med kollegaer og pårørande
Vi tilbyr
- Utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap
- Eit fagmiljø under utvikling som du får vere med å påverke og utvikle
- Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode pensjonsordningar gjennom KLP
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.
Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.
Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b29c8e9a-3b26-4ab5-815f-6c78b9352283
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10261519