Ser du data og innsikt der andre ser stein og støv? Då er du kanskje vår nye laboratorieoperatør!
Nordic Mining
fjordavegen 2044, 6817 Naustdal
Om jobben
- Stillingstittel
- Laboratorieoperatør
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Skift
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Vil du vere med på å sikre at vi leverer kvalitet i alle ledd, og bidra til forsking og utvikling innan moderne mineralproduksjon? I Engebø Rutile and Garnet AS, eit dotterselskap av Nordic Mining, er vi no på jakt etter fleire laboratorieoperatørar som skal jobbe tett på kjerna av produksjonen vår.
I stillinga jobbar ein skift, og har eit sett faste oppgåver. Vi ønsker og å tilpasse fagområde og ansvar etter di erfaring og kompetanse. Har du styrke innan kvalitetssikring, statistikk, datahandtering eller ytre miljø? Flott, då vil vi gjerne gi deg moglegheit til å utfalde deg også på desse områda!
Arbeidsoppgåver
-
Mottak, registrering og preparering av prøver
-
Analysere prøver etter gjeldande metodar
-
Registrere og rapportere resultat
-
Utvikle og oppdatere relevante prosedyrar
-
Utføre vedlikehald av laboratorieutstyr
-
Bidra inn i forskings- og utviklingsprosjekt
Kven ser vi etter?
Vi ønsker oss, men er ikkje nødvendigvis låst til, kandidatar med relevant utdanning eller erfaring frå laboratoriearbeid. Du kan ha bakgrunn innan kjemi, geologi eller andre realfag, eller du kan vere nyutdanna med skikkeleg driv.
Det viktigaste er at du er nøyaktig, strukturert og har forståing for laboratoriemetodikk og krav til kvalitet.
Søknadsprosess
Vi vurderer kandidatar og kallar inn til intervju fortløpande.
Kjenner du at dette kan vere din neste moglegheit? Då håpar vi du sender oss ein søknad, vi lovar eit lag som både tek arbeid og humor på alvor.
Om bedriften
Engebø Rutile and Garnet AS er eit dotterselskap under Nordic Mining ASA. Vi er ei hjørnesteinsbedrift med lokal forankring som driv ei berekraftig, innovativ og viktig mineralutvinning på Engebø i ei av verdas største forekomster av titanråstoffet rutil. I Engebø Rutile and Garnet er vi oppteken av at verdiskapinga skal skje der ressursane er, både når det gjeld å skape lokale arbeidsplassar, utvikle innovative løysingar og bidra i lokalsamfunnet. Folka i organisasjonen er sjølve nøkkelen til å få dette til.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b29c48e9-f552-4c78-9207-768ebaad4947
- Sist endret
21. november 2025
- Hentet fra
FINN
- Referanse
437963956
Lignende annonser
Prosessoperatør
Arbeidsgiver
Nordic MIning
Sted
Naustdal
Arbeidsgiver
Lab. medisinsk biokjemi og blodbank, Helse Førde
Sted
Førde
Arbeidsgiver
Lab. medisinsk biokjemi og blodbank, Helse Førde
Sted
Førde