Hopp til innhold

Nattevakt i 80% på Bjørgvin DPS (Vikariat) 

Arbeidsgiver

Bjørgvin DPS/ C1 Tertnes døgnbehandling, Helse Bergen HF

Sted

Tertnesveien 37, 5113 Tertnes

Om jobben

Oppstart
25. januar 2027
Stillingstittel
Nattevakt som sjukepleiar 80%- Vikariat
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 10. november

Vil du vere ein del av eit engasjert fagmiljø innan psykisk helsevern?

Ved Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS), C1 Tertnes døgnbehandling, har vi ledig eit 80% vikariat for sjukepleiar på natt i perioden 25.01.27 - 09.05.27.

C1 er ein open allmennpsykiatrisk døgnpost med 15 sengeplassar. Vi tilbyr utgreiing, behandling og stabilisering til vaksne pasientar med ulike psykiske lidingar. Behandlinga er tverrfagleg og tek utgangspunkt i den enkelte pasienten sine behov, ressursar og mål.

Som sjukepleiar på natt har du ei viktig rolle i å sikre tryggleik, kontinuitet og god oppfølging av pasientane gjennom natta. Du blir ein del av eit engasjert og inkluderande arbeidsmiljø, der samarbeid, fagleg utvikling og god pasientbehandling står sentralt.

Vi ser etter deg som har interesse for psykisk helsevern, og som trivst med ansvar og sjølvstendig arbeid i tett samarbeid med kollegaer.

Vi har per i dag ei turnusordning med arbeid kvar fjerde helg.


Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiefagleg oppfølging og miljøterapeutisk arbeid med pasientar med psykiske lidingar
  • Observere, vurdere og følgje opp pasientane sin psykiske og fysiske helsetilstand
  • Bidra til tryggleik, stabilitet og gode rammer for pasientane gjennom natta
  • Legemiddelhandtering i samsvar med gjeldande prosedyrar
  • Handtere akutte og uventa situasjonar på ein trygg og fagleg forsvarleg måte
  • Dokumentasjon i elektronisk pasientjournal
  • Samarbeid med kollegaer og andre aktuelle samarbeidspartnarar
  • Bidra til fagleg utvikling, kvalitetsarbeid og eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Erfaring frå psykisk helsevern er ønskjeleg, men ikkje eit krav
  • Vidareutdanning innan psykisk helsearbeid er ein fordel
  • Erfaring frå døgnbehandling og miljøterapeutisk arbeid er ønskeleg
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Grunnleggjande digitale ferdigheiter og evne til å bruke elektroniske dokumentasjonssystem

Personlege eigenskapar

  • Du er trygg, roleg og omsorgsfull i møte med menneske i krevjande livssituasjonar
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du arbeider strukturert og ansvarsmedvite, og er komfortabel med å ta sjølvstendige faglege avgjerder
  • Du har god vurderingsevne og kan handtere både føreseielege og uventa situasjonar
  • Du er fleksibel, løysingsorientert og bidreg positivt til arbeidsmiljøet
  • Du møter pasientar, pårørande og kollegaer med respekt, openheit og profesjonalitet

Vi tilbyr

  • Eit meiningsfylt arbeid der du får bidra til behandling og oppfølging av menneske med psykiske lidingar
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte og erfarne kollegaer
  • Varierte og sjølvstendige sjukepleiefaglege oppgåver
  • Tverrfagleg samarbeid og høve til fagleg utvikling
  • Opplæring og rettleiing tilpassa erfaring og kompetanse
  • Løn i samsvar med gjeldande tariffavtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.


Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Øyvind Thomassen, Seksjonsleiar, 91810934

Arbeidsstad

Tertnesveien 37
5113 Tertnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5194105192
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Startdato: 25.01.2027
Sluttdato: 09.05.2027
Søknadsfrist: 10.11.2026

Kontaktperson for stillingen

Øyvind Thomassen

Seksjonsleiar

91810934

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b2496f0a-039d-4606-8dd4-afc6add5aa80

Sist endret

20. oktober 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

aff0c98e4c0e466b98c7bcf3eae5d387

Lignende annonser

Laster lignende annonser