Forskallingssnekker søkes -- Bli med oss på varierte og spennande byggeprosjekt!
Ivar A. Sunde AS
Hjelmbrekkevegen 5, 6847 Vassenden, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Forskalingssnekker
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Er du ein erfaren forskalingssnekker, eller har du interesse for forskaling og tøft arbeid? Vi søkjer ein forskallingssnekker til vårt dyktige og erfarne team. Hos oss får du moglegheita til å jobbe med både små og store prosjekt -- frå 1-dags jobbar til større bygg som hytte tomtar, bustadhus, tilbygg og næringsbygg. Har du interesse for forskaling og verdset arbeid med høg fagleg standard håpar vi å sjå nettopp din søknad i bunken!
Dette vil du gjere:-
Varierte prosjekt -- Arbeidet vårt inkluderer både små og store prosjekt, frå mindre oppdrag til større bygg som bustadhus, tilbygg og fjøsbygg i Sunnfjord.
-
Bruke forskalingssystemer -- Vi nyttar system som Manto systemforskaling , Cuplock , Malthus , og elementbaserte løysingar. Du får muligheten til å jobbe med ulike metoder og teknikkar.
-
Fysisk krevjande arbeid -- Arbeidet kan vere fysisk krevjande, men vi har stort fokus på ergonomi og tryggleik, og vi nyttar kran for å unngå for mykje slit.
-
Erfaring med forskaling er ønskjeleg, men ikkje eit krav. Vi oppmodar også personar med interesse og arbeidslyst til å søke.
-
Nøyaktig, samarbeidsorientert og med god arbeidsmoral -- Dette er dei viktigaste eigenskapane vi ser etter.
-
Førarkort klasse B (helst BE) er nødvendig. Har du tillegg som kranførarbevis, anleggsmaskinførarbevis eller førarkort klasse C, er dette ein fordel.
-
Gode lønsvilkår og fleksibilitet ved behov -- Du får konkurransedyktig løn og gode arbeidsvilkår.
-
Verktøy og arbeidsklede -- Vi stiller med det du treng for å utføre arbeidet ditt.
-
Bustad og diett ved reisejobb -- Ved reisejobb dekkjer vi bustad og gir diett etter statens satsar.
-
Samansett team -- Vi har eit samansett team, stort sett beståande av norske arbeidarar, der fagleg dyktigheit og samarbeid står i fokus. Du vil bli ein del av eit lag der erfarne kollegaer vil støtte og dele kunnskap.
-
Høg fagleg standard -- Vi har eit miljø der vi legg stor vekt på fagleg utvikling. Du vil få jobbe med dyktige folk som er stolte av arbeidet sitt og som alltid streber etter å levere på høgaste nivå.
-
Uformelt og inkluderande arbeidsmiljø -- Vi har ein uformell og triveleg arbeidsplass, der vi samarbeider tett på tvers av prosjekta. Hos oss er det kort veg til både kollegaer og leiarar, og vi trives godt saman.
-
Lange arbeidsforhold -- Mange av våre kollegaer har vore med oss i over 10 år, og det er noko vi er stolte av. Vi har eit arbeidsmiljø prega av stabilitet og langvarige relasjonar.
-
Samarbeid og trivsel -- Vi trur på at samarbeid er nøkkelen til suksess. Hos oss blir du ein del av eit team som støttar kvarandre, og vi legg vekt på å ha det kjekt medan vi jobbar
-
Førarkort klasse B (BE er ein fordel)
-
Norsk skriftleg og muntleg
-
Erfaring med forskaling er ein fordel, men ikkje eit krav
Er du klar for å starte?
Vi ønskjer oppstart så snart som mogleg, men ventar på den rette! Likar variert arbeid og har ein sterk arbeidsmoral? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Vi forbeheld oss retten til å ansette fritt uavhengig av dokumenterte kvalifikasjonar. For oss er det aller viktigaste arbeidslyst, arbeidsevne og arbeidsmotivasjon -- og at du passar inn i det gode arbeidsmiljøet vårt!
Om bedriften
Vi er ein solid og allsidig entreprenør med base i Sunnfjord -- og har halde det gåande sidan 1972. Med over 48 år i bransjen og 11 dyktige tilsette, er vi eit lag med brei erfaring innan tømrararbeid, betong og grunnarbeid. Selskapet vart AS-registrert i 1997, og har sidan den gong hatt jamn drift og stabile arbeidsforhold.
Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med oppdrag innan nybygg, tilbygg, rehabilitering, betongarbeid, mur og puss, kjærneborring og betongsaging, traktor- og gravearbeid, samt mindre kran- og sveisejobbar. Vi har eigne maskiner og utstyr, inkludert minimaskiner og helikopterfraktbar gravemaskin, som gjer at vi tek på oss både små og spesialiserte oppdrag.
Vi er stolte av det gode arbeidsmiljøet vårt -- her er det kort veg mellom folk, og alle er med på å få jobben gjort. Fleire av dei tilsette har vore med oss i mange år, og vi legg vekt på tillit, ansvar og yrkesstoltheit. Vi samarbeider tett med lokale aktørar som Jølster Bygg AS, Jostein Sunde AS, Henden Elektro AS, Sunnfjord Betong AS, Førde Stål AS og Førde Bygg AS.
Hos oss får du høve til å utvikle deg fagleg, jobbe breitt og bli del av eit godt og erfarent team. Kanskje blir du den neste på laget vårt?
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b206ecbd-1723-4c63-92cd-04478ba43f81
- Hentet fra
FINN
- Referanse
426660117