Reinhaldar
Kvinnherad kommune Reinhald
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Om jobben
- Stillingstittel
- Reinhaldar 100% fast
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 16. desember
Eining for reinhald er ein del av sektor Teknikk og miljø, og har ansvar for reinhaldet på kommunale bygg. Eininga har kontor ved Husnes vassverk, men reinhaldsoperatørane utfører arbeidet sitt ute på dei ulike kommunale bygga.
Omtale av stillinga
Stillinga vil ikkje vera knytt til eit bygg. Reinhaldet vert utført på diverse bygg i kommunen, samt praktisk bistand i heimane.
Vi søkjer person som har/kan:
- fagbrev eller praksis / erfaring frå reinhaldsyrke
- nytta digitale flater som teams, e-post og webbaserte system.
- kommunisera på norsk munnleg og skriftleg
- evne til å vera fleksibel og serviceorientert
- høg arbeidskapasitet
- jobbe sjølvstendig og i team
- sertifikat klasse B
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr:
- Tilsetjing etter gjeldande kommunlae vilkår (HTA og AML)
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
- Gode arbeidsvilkår i eit triveleg og støttande arbeidsmiljø
- Ingen eigedomsskatt for hus og hytter pr. idag
- Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen
- Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta kr 25 000,- av studielånet, sjå her
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd
Søknad vert å senda :Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din. Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Siv Karin Ersland
90 57 56 47
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b200fca7-bf2f-4c91-a6c3-9dab5cf19d8a
- Sist endret
20. november 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3680473_226073_nn