Hopp til innhold

Etterforskar

Arbeidsgiver

Møre og Romsdal Politidistrikt

Sted

Storgata 43, 6508 Kristiansund N

Om jobben

Stillingstittel
Etterforskar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 13. desember

Om stillinga

Ønskjer du ein meiningsfull kvardag der du får jobbe med etterforsking av straffesaker ved Kristiansund politistasjon? Vi har for tida ledig to faste stillingar med primært oppgåver innan fagfeltet vald og seksuelle overgrep.

Det er moglegheit for eit breitt og variert oppgåvesett i stillingane. I periodar må ein rekne med å bidra innan andre tenesteområde, avhengig av behovet i driftseininga. Det er mogleghet til å delta i støtteliste ved vakt og beredskap kvar fjerde helg og inngå i den operative beredskapen dersom du ønskjer det.

I tillegg til å få ei variert og utviklande stilling, byr Kristiansund og Nordmøre på mektige naturopplevingar, og med nærmare 60 000 innbyggjarar er her eit mangfold av tilbod innan fritidsaktivitetar og kulturelle opplevingar. Vi ser fram til å høyre frå deg!

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.


Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter deg som er motivert og interessert i etterforskingsfaget. Vi stiller høge krav til arbeidsmoral og etisk integritet.

Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til kvar tid og fungerer som gode ambasadører for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evne til å vere trygg, til stades i det daglege, lydhøyr, og å byggje tillit til publikum er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. I tillegg at ein bidrar til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.


Arbeidsoppgåver

  • etterforskingsoppgåver, sjølvstendig og i team
  • kriminalitetsførebyggjande arbeid
  • publikumsmottak
  • utføre etterforsking med politiarbeid på staden (PPS) som arbeidsmetode
  • andre oppgåver som høyrer til den daglege tenesta ved seksjonen
  • bidra med rettleiing og opplæring/kompetansehevande tiltak ved seksjonen
  • moglegheit for støtteliste ved vakt og beredskap (krev minimum IP4-godkjenning) og krimvakt i helg
  • kan bli pålagd andre arbeidsoppgåver

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • fullført og bestått Politi(høg)skule. Vitnemål skal leggjast ved. Karakterskjema skal fyllast ut og leggjast ved søknaden. Sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema 
  • god skriftleg og munnleg formidlingsevne
  • plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jfr. Politioven §18 og Politiregisterloven §41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkatheitsvurderinga

Det er også ønskjeleg med

  • erfaring frå politistilling
  • etter-/vidareutdanning innan etterforsking
  • anna relevant tilleggsutdanning innanfor etterforsking/erfaring

Personlege eigenskapar

  • motivasjon og interesse for etterforskingsfaget
  • gode samarbeidsevner
  • evne til å byggje tillit hos publikum og gode kommunikasjonsferdigheiter
  • sjølvstendig og høg gjennomføringsevne

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk moral. Du blir kjenneteikna ved at du er modig og heilskapsorientert. Du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattforme her.


Dette kan vi tilby om du vel oss

  • ein meiningsfull kvardag med utviklingsmoglegheiter ved Kristiansund politistasjon
  • for erfarne kandidatar vil stilling som 0285 politiførstebetjent (lønn: Kr. 650 000 - kr. 720 000) bli vurdert, eventuelt politioverbetjent (kr. 680 000 - kr. 760 000) for særskilt kvalifiserte, jf. lokale retningslinjer. Alternativt stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457), avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter. 
    • politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 640 000 til kr. 730 000
    • politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 585 000 til kr. 635 000
    • politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 560 000 til kr. 610 000
  • for særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
  • ved andre tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området
  • godtgjering etter gjeldande ATB på for tida kr. 46 675 og tillegg for eventuell tunusteneste
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no. Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
  • mogelegheit for trening i arbeidstida
  • fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift og tilknyting til bedriftshelseteneste

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.


Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her. 

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar.

Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Opplysningane om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje vil du bli varsla om dette.


Kontaktperson for stillingen

Eirik André Sæther

+47 93 21 82 88

Om bedriften

Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 000 menneske. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. 

Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.

Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Elin Anja Drønnen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b1caac30-c6c8-4106-a56b-c05be7c53fbf

Sist endret

26. november 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10317401

Lignende annonser

Laster lignende annonser