Maskinsjef i sambandet Jektevik - Nordhuglo - Hodnanes, p.t. MF Julsund
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Fv49, 5414 Stord, 5413 Huglo, 5694 Onarheim, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Maskinsjef i sambandet Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes, p.t. MF Julsund
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift
Arbeidsspråk
Skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 24. oktober
Er du klar for å være med på å forme framtida for miljøvennleg transport? Fjord1 er ein verdsleiande pionér innan det grøne skiftet, og vi streber etter å være den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg
ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 styrkjer beredskapen i sambandet Jektevik - Nordhuglo - Hodnanes.
I samband med dette blir det oppretta eit nytt skift og skiftordninga vil bli endra. Vi har difor ei ledig stilling som maskinsjef, p.t. om bord på MF Julsund. Denne hybridferja, bygd i 2004, er oppgradert med batteri som primær energikjelde i framdriftssystemet.
Som maskinsjef på dette fartøyet vil du spele ei avgjerande rolle i å oppretthalde effektiviteten på sambandet. Stillinga gir deg ein variert kvardag der du får rikeleg høve til å bruke din tekniske kompetanse og erfaring.
Kvifor søkje denne stillinga:- Fast og føreseieleg skiftordning: Du jobbar 12 timar på og 12 timar av –1 veke dag og 1 veke natt. 2 veker på og 3 veker fri.
- Perfekt balanse mellom arbeid og fritid: Ein jobb som passar godt for deg som ønskjer å kombinere arbeidslivet med familieliv og fritidsinteresser.
- Kjekke og dyktige kollegaer: Bli ein del av eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente medarbeidarar.
- Karrieremoglegheiter i eit leiande rederi: Få verdifull erfaring i Norges største ferjeselskap – med moglegheiter for utvikling og vekst.
Tilsetjing skjer etter avtale, med ønskje om oppstart snarast mogleg.
Arbeidsoppgåver
- Teknisk leiar og skal syte for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
- Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem
- Skal saman med skipsførar bidra til at trggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden
- Sørge for opplæring av personell under si leiing
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemte og reservedelsoversikt
- Akrivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar
- Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
- Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
- Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde
- Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
- Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde
Kvalifikasjonar
- Minimum M3-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Allsidig erfaring som maskinsjef
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein sjølvstendig, og løysningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tek vi med glede imot din søknad.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.
- Fast stilling i eit solid og anerkjent selskap
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
- Attrakive velferdsordningar: firmahytter, leilegheiter og gode rabattordningar.
- Skiftordning: 12 timar på og 12 timar av – 1 veke dag og 1 veke natt. 2 veker på jobb og 3 veker fri.
Kontaktinformasjon
Marit Synnøve Kjetland, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47995295, marit.kjetland@fjord1.noArbeidsstad
Fv495414 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5026731751
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b1aaa3ea-f002-417b-ae2e-98b0d1fc215e
- Hentet fra
talentech
- Referanse
dc5f9da9d8574f0090a8981be870b515