HR-konsulent
Nissedal kommune
Treungvegen 398, 3855 Treungen
Om jobben
- Stillingstittel
- HR-konsulent
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest fredag 16. januar
Arbeidsoppgåver
- HR-støtte til kommunen sine leiarar
- Utarbeiding/vedlikehald av kommunen sine personalreglement
- Utlysing av stillingar / systemansvarleg for kommunen sitt rekrutteringsystem
- Sekretærfunksjon for kommunen sitt arbeidsmiljøutval/adminstrasjonsutval
- Løn- og refusjonsoppgåver
- Ansvar for kommunen sitt avvikssystem
- Saksbehandling kring frikjøp tillitsvalte
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning innan HR, personaladministrasjon, økonomi eller tilsvarande. Lang erfaring innan relevante arbeidsområde kan oppvege for manglande
formalkompetanse.
- Erfaring med HR-prosessar og lønsarbeid (gjerne frå offentleg sektor).
Personlege eigenskapar
- Kan arbeide sjølvstendig og systematisk
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Er initiativrik, løysingsorientert og trivast med å styre eigen kvardag
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Kan prioritere mellom arbeidsoppgåver i ein travel kvardag
- Har gode digitale kunnskaper
Vi tilbyr
- Ei spennande stillling med varierte arbeidsoppgåver
- Opplæring/innføring i arbeidsoppgåvene
- God pensjonsordning
- 10 års inngangsansiennitet og eige ansiennitetssteg på 22 år
- Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement
Kontaktinformasjon
Jarle Bruun Olsen, Kommunalsjef økonomi, 35048403, jarle.olsen@nissedal.kommune.noArbeidsstad
Treungvegen 3983855 TREUNGEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Nissedal kommuneReferansenr.: 5042427675
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nissedal – der gode liv levast
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1500 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.
Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.
Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.
Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b1511ff1-e951-4036-b2ac-e995730f622a
- Sist endret
15. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
37540670c53445dda46592857c559b65
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Interkommunalt plankontor, Nissedal kommune
Sted
Treungen
Tilkallingsvikar reinhald
Arbeidsgiver
Avdeling for bygg, eigedom og veg, Nissedal kommune
Sted
Treungen
Arbeidsgiver
Tveit skule og Nissedal ungdomsskule, Nissedal kommune
Sted
Treungen