Helgestilling
Avrusing rusbehandling TSB Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Vestmoa 27, 6018 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Helgestilling
- Oppstart
- 5. januar 2026
- Type ansettelse
- Fast, deltid 21%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Avdeling for TSB Ålesund gir tverrfagleg behandling til rusavhengige over 18 år. Avrusinga har 17 plassar, inkludert 3 akutte senger. Her jobbar eit breitt fagmiljø med legar, sosionomar, vernepleiarar og sjukepleiarar.
Vi søkjer sjukepleiar, vernepleiar, sosionom, helsefagarbeidar eller student – eller andre med relevant erfaring – til ei fast helgestilling på 21 %. Arbeid kvar 2. helg. Ønskt oppstart er 5. januar 2026.
Arbeidsoppgåver
- Deltaking i miljøterapeutiske aktivitetar og praktiske oppgåver
- Ut frå kvalifikasjonar kan ein få andre arbeidsoppgåver, t.d medikamenthandtering
Kvalifikasjonar
- Ønskeleg med helse/sosialfagleg utdanning, eller er student innan desse retningane
- Andre med relevant erfaring kan også bli vurdert for stillinga
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne, og må kunne kommunisere tydeleg
- Førarkort klasse B, med manuelt gir
Personlege eigenskapar
- Du er fleksibel, engasjert og med godt humør
- Du har evne til å samarbeide på tvers av faggrupper
- Du har gode evner til relasjonsbygging
- Du er sjølvstendig, men med evne til å samarbeide godt i team
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.Kontaktinformasjon
Line Olaisen, +47 70171334, Line.Olaisen@helse-mr.noAstrid Birgitte Aakernes, Seksjonsleiar, +47 70171389, Astrid.Birgitte.Aakernes@helse-mr.no
Arbeidsstad
Vestmoa 276018 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5023400521
Stillingsprosent: 21%
Fast
Startdato: 05.01.2026
Søknadsfrist: 12.11.2025
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b13f676d-773f-44bd-832d-8996fcb326b7
- Sist endret
13. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e9f3291b149a454f995d3be3fc13b3fe
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Åse helsehus, Ålesund kommune
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
Avrusing rusbehandling TSB Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
Korttids døgn rusbehandling TSB Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Ferievikar 2025 - Reinhaldar
Arbeidsgiver
Ferievikarer Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund