Teamleiar Operatørteam Svelgen
Sogn og Fjordane Energi (SFE)
6723 Svelgen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Teamleiar Operatørteam Svelgen
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 21. september
Teamleiar Operatørteam Svelgen
Vil du leie dyktige fagfolk i kraftbransjen?
Noreg – og verda – er avhengige av meir fornybar energi om vi skal nå klimamåla. I Sogn og Fjordane Energi (SFE) jobbar vi kvar dag med å lage straum ut i frå naturkreftene våre – og utvikle nye fornybarprosjekt på lag med naturen. Vi skaper den fornybare framtida, det er samfunnsoppdraget vårt.
Vi søkjer no etter ein engasjert og dyktig teamleiar for vårt operatørteam i Svelgen.Operatørteam Svelgen har ansvar for drift og vedlikehald av SFE sine kraftstasjonar i Svelgen. Teamet har også arbeidsoppgåver som går på tvers av alle anlegga i selskapet. Til ansvaret ligg både oppfølging av drifts- og vedlikehaldsoppgåver og bidrag i prosjektaktivitet.
Som teamleiar vil du ha personalansvar for dei tilsette i operatørteamet. Du vil ha ansvar for å organisere og følge opp planlagt aktivitet, samt delta aktivt i oppdatering av ressursplanlegging på tvers av operatørteama. Vi forventar at du bidrar aktivt til fagleg utvikling i teamet og til ei heilskapleg ressursdisponering og kompetanseutvikling for organisasjonen totalt sett.
Stillinga rapporterer til Leiar Kraftverksdrift i Avdeling Kraftverk.
Fokus på leiing
Som teamleiar har du ansvar for vår viktigaste verdi – folka våre. Difor set vi god personalleiing høgt, og ønskjer at du har sterk motivasjon for å følgje opp dine medarbeidarar på ein profesjonell måte i tråd med våre verdiar stolt, frisk og ekte. Vi forventar at våre leiarar byggjer tillit og tryggleik i teamet gjennom open kommunikasjon, og legg til rette for samarbeid, involvering og konstruktiv tilbakemeldingskultur.
Vi er opptekne av at våre leiarar er pådrivarar for kvalitet, HMS og berekraft i kvardagen, og ser føre oss at du er ein leiar som ser heile mennesket i medarbeidarane dine, er fleksibel og handterer omstilling og endring med ro og struktur. Du forstår styrkar og utviklingsbehov hos medarbeidarane, og nyttar denne innsikta til å prioritere og planleggje ressursbruk effektivt, samt å bidra aktivt til fagleg utvikling i teamet.
Viktigheita av fagkompetanse
I denne teamleiarrolla vil relevant og sterk fagkompetanse gjennom t.d. fagbrev eller praktisk erfaring i botnen vere viktig. Og sjølv om vi ser etter deg som har høgare utdanning eller teknisk fagskule innan elektro eller mekaniske fag, kan sjølvsagt lang erfaring kompensere for manglande formell utdanning.
Erfaring frå kraftbransjen er ønskjeleg.
Difor skal du velje oss!
Som teamleiar i SFE får du ein spennande og variert arbeidskvardag, der både operativ drift og strategisk fokus er viktig. Du får moglegheit til å vere tett på mange spennande arbeidsprosessar, og tett på naturen – både inni og oppå fjellet. Du vil få spele på lag med dyktige fagfolk om å bidra til noko større - vårt samfunnsoppdrag som er å skape den fornybare framtida.
Vi håpar at du ser ei spennande moglegheit i å vere leiar i SFE, og at du vil oppleve å jobbe i eit selskap som set stor pris på sine tilsette. Dette vart tydeleg stadfesta gjennom vår siste medarbeidarundersøking, der trivsel og fellesskap vart løfta fram som nokre av våre største styrker. Vi satsar målretta på utvikling av medarbeidarane våre og tilbyr attraktive ordningar. Verdiane våre – Stolt, Frisk, Ekte – gjennomsyrar alt vi gjer, og vi inviterer deg til å bli med oss på vegen vidare.
Arbeidsplassen din vil vere i Svelgen, Bremanger kommune. Kanskje bur du her eller i nærleiken frå før, eller du kan tenkje deg å flytte hit for ein spennande jobb. Bremanger kommune kan tilby eit rikt og aktivt kulturliv, med gode moglegheiter for friluftsliv til både sjøs og til fjells. Kommunen legg til rette for nybygging og barnefamiliar, med tilskot til bustadbygging og gratis barnehage. Sjekk ut «Gode Bremanger», der finn du mykje god informasjon.
Før tilsetting av den rette kandidaten hos oss, vil vi etter samtykke gjennomføre bakgrunnssjekk og personkontroll med heimel i kraftberedskapsforskrifta. Relevante kandidatar vil få nødvendig informasjon om dette. Tilsetting gjerast berre under føresetnad om godkjent bakgrunnssjekk.
Vi meiner at mangfald er ein styrke, og oppmodar personar med ulike bakgrunnar til å søkje. Vi gler oss til å høyre frå deg!
Søknadsfrist er 21. september.Har du spørsmål kan du kontakte:
Bjarte L. Hauge, avdelingsleiar Kraftverk, mobil 908 39 039
Jens Gule, leiar Kraftverksdrift, mobil 913 50 826
Kontaktpersoner for stillingen
Jens Gule
Leiar Kraftverksdrift
913 50 826
Bjarte L. Hauge
Avdelingsleiar Kraftverk
908 39 039
Om bedriften
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b11193fd-3083-47db-9464-75d487f69938
- Hentet fra
AMEDIA
- Referanse
4543008