Sivilingeniør/ingeniør elektro - Sogn og Fjordane
Norconsult
Fjellvegen 11, 6800 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Sivilingeniør/ingeniør elektro - Sogn og Fjordane
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 30. august
I Norconsult kan du få vere med på akkurat det. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vi kvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Elektromiljøet i Norconsult jobbar målretta med planlegging av smarte løysningar for bygg, samferdsel og industri.
Norconsult har Norges desidert største fagmiljø innan rådgjeving og prosjektering av elektrotekniske anlegg med over 450 kompetente elektrorådgjevarar på landsbasis. Vi tilbyr komplette tenester innan elektrorådgjeving; frå moglegheitsstudiar og prosjektering til oppfølging under bygging. Våre medarbeidarar samarbeider på tvers av geografi og fagområde, slik at vi kan tilby lokal rådgiving med tilgang til brei nasjonal og internasjonal kompetanse.
Vi ser etter deg som har nokre års erfaring frå bransjen og som ønskjer å vere med og byggje opp eit elektro-miljø i Sogn og Fjordane i tillegg til å vidareutvikle deg sjølv fagleg og dele av din kunnskap til andre medarbeidarar. Du vil få ei sentral rolle i eitt tverrfagleg rådgjevarmiljø, med høg fagleg kompetanse og samarbeid på tvers av våre kontor og regionar.
Bli med å jobbe for ein meir berekraftig bygg og eigedomsbransje!
Vi jobbar med både eksisterande og nye bygg med prosjektering og rådgjeving innan elektroteknikk, EKOM og automasjon i bygg, med fokus på berekraftige og energieffektive løysingar. Oppdraga varierer over eit breitt spekter av prosjekt innan mellom anna næringsbygg, undervisningsbygg, helse- og omsorgsbygg, hotell, idrettsanlegg og industri.
Norconsult Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Flekke, Florø, Sogndal, Gaupne, Årdal, Lærdal, Sandane og på Nordfjordeid, med nærare 100 medarbeidarar totalt. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, VVS, elektro, landmåling, geoteknikk, industri/maskin, ingeniørgeologi, miljø, konstruksjon, brann, akustikk, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.
Vi søkjer etter dyktig og erfaren sivilingeniør eller ingeniør med minst 3-5 års relevant erfaring innan elektro- og byggautomasjonsteknikk frå rådgjevar- eller entreprenørbransje. Fagbrev som elektromontør el.l i tillegg er eit pluss.
Vi set pris på om du:-
Har erfaring med 3D-modellering og BIM
-
Arbeider effektivt og tek ansvar gjennom å vise initiativ
-
Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team -- ein god relasjonsbyggjar
-
Ønskjer å vere med på å skape eit godt arbeidsmiljø
-
Planlegging og prosjektering av elektro-installasjonar innan bygg og anlegg
-
Modellering og varierte arbeidsoppgåver i ulike fasar av prosjekt.
-
Utarbeiding av konkurransegrunnlag og kostnadsoverslag
-
Bruk av DAK/BIM-verktøy, visualiserings- og innsynsmodellar
-
Tverrfagleg koordinering
-
Oppdragsleiing og oppfølging på byggeplass
-
Kundeoppfølging, marknadsføring og sal/tilbodsarbeid
-
Utdanning som sivilingeniør (M.Sc.) eller ingeniør (B.Sc.) eller tilsvarande innan elektro
-
Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk
-
Varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver innan fag og prosjektleiing der du har moglegheit til å utvikle deg sjølv og kollegaene dine
-
Spennande moglegheiter for kompetanseheving og karriereutvikling innan marknad, fag, linje og oppdrag
-
Fleksibel arbeidstid
-
Fri heile jule- og påskeveka
-
Moglegheit til å bidra i selskapet si utvikling innan berekraft, digitalisering og samarbeid
-
Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
-
Interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement/turar, firmahytter, mm.
-
Gode lønns- og arbeidsvilkår
-
Gode aksjeprogram for eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
-
Fadderordning og kompetanseutviklingsplan
-
Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)
Søknad med CV, vitnemål og attestar skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på Norconsult sine internettsider. Innkomne søknader vert handsama fortløpande. Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama. Oppgje i søknaden kva kontorstad du primært ønskjer.
Norconsult Norconsult er eit leiande nordisk rådgjevarselskap. Vi kombinerer ingeniørfag med arkitektur og digital kompetanse, på tvers av små og store prosjekt i privat og offentleg sektor, innan infrastruktur, energi og industri, bygg, eigedom og arkitektur. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vikvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Med hovedkontor i Sandvika i Norge og om lag 7 200 medarbeidarar fordelt på over 140 kontor i Norge, Sverige, Danmark, Island, Polen og Finland, kombinerer vi tverrfagleg kompetanse med det å vere lokalt tilstades. For Norconsult er det ein grunnleggjande føresetnad at alle menneske er likeverdige. Målet er at medarbeidarane våre skal ha dei same moglegheitene til å nå sitt fulle potensial uavhengig av kven dei er eller korleis dei identifiserer seg. Eit breiare spekter av perspektiv er til hjelp for oss for å forstå alle deler av samfunnet, utfordrar oss i oppdraga våre og fører til høgare grad av innovasjon. Vi ønskjer difor medarbeidarar med ulik bakgrunn og erfaring velkommen.Om bedriften
Gjennom nyskapende og målrettede råd har vi fokus på verdibasert samfunnsplanlegging, fremtidsrettede og bærekraftige løsninger. Årlig utføres over 20 000 oppdrag for offentlige og private kunder.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b0e2a497-1b7f-4be9-a383-9ca77048b8f2
- Sist endret
28. juli 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
471014211