Hopp til innhold

Me søker Sous Chef - 100% stilling

Arbeidsgiver

Stord Hotel Drift AS

Sted

Kjøtteinsvegen 67, 5416 Stord

Om jobben

Stillingstittel
Sous Chef
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 4. oktober

Som Sous Chef hos oss får du ei sentral rolle på kjøkkenet og blir ein viktig del av eit dyktig og engasjert team. Du vil jobba tett med kjøkkensjefen og bidra til gode matopplevingar på tvers av hotellet -- frå Brasserie & Bar 59° til selskap, kurs og konferansar. Me ser etter deg som trivst med ansvar, høgt tempo og godt samarbeid, og som ønskjer å vera med og utvikla kjøkkenet vidare.

Arbeidsoppgåver:
  • Produksjon og service til Brasserie & Bar 59º, selskapsavdeling samt anna mattilbod på hotellet

  • Ansvarleg skiftleiar som leiar og fordeler arbeidet for kjøkkenet

  • Bidra med innkjøp og kontroll av varelager

  • Delta i menyplanlegging og opplæring

  • Ivareta gode rutinar, samarbeid på kjøkkenet og med andre avdelingar

  • Vask og reinhold av kjøkkenfasilitetar iht IK-mat/ HACCP

Kva me ser etter hos deg:
  • Har fagbrev som kokk, med erfaring frå hotell-/ restaurantkjøkken

  • Har stor interesse og kunnskap om mat

  • Fleksibel og løysningsorientert

  • Ein god lagspelar og er serviceinnstilt

  • Ansvarsbevisst, profesjonell og nøyaktig

  • Kunne etterleve krava i IK- Mat/ HACCP

  • Beherskar skandinavisk og / eller engelsk munnleg og skriftleg

Me kan tilby:
  • Konkurransedyktig lønn og betingelser

  • Pensjons- og forsikringsordning

  • Kjekt arbeidsmiljø og gode kollegaer

  • Oversiktleg turnusordning der du arbeider ei veke på tidlegvakt og ei veke på seinvakt

  • Stillinga er fast frå 1. november 2026

Om bedriften

Stord Hotell er eit moderne hotell i hjarta av Sunnhordland, med 172 rom, stor konferanse- og selskapsaktivitet og fleire mat- og drikkekonsept. Hos oss er det høgt tempo, varierte dagar og mange ulike gjesteopplevingar som skal skapast -- frå à la carte i Brasserie & Bar 59° til selskap, konferansar og større arrangement.

Me er opptekne av kvalitet, utvikling og godt samarbeid, og ønskjer å vera ein arbeidsplass der du får ta ansvar, bidra med idear og utvikla deg fagleg. På kjøkkenet blir du ein del av eit engasjert team som brenn for gode råvarer, godt handverk og matopplevingar me kan vera stolte av.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b08e051a-d01f-413d-88b8-93e1387c0d88

Sist endret

23. september 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

477049922

Lignende annonser

Laster lignende annonser