Omsorg med meining - er du vår nye kollega?
Bømlo heimetenester
Leirdalen 1, 5430 Bremnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 9. oktober
Bømlo heimeteneste har ledig ei 100 % fast stilling som helsefagarbeidar. Me kan tilby ein meiningsfull jobb der du bidreg til at menneske kan leve gode liv i eigen heim eller tilrettelagt bustad.
Heimetenesta organiserer eit breitt spekter av tenester, som heimesjukepleie, heimerehabilitering, matombringing, praktisk bistand, velferdsteknologi (bl.a. tryggleiksalarmar og elektroniske medisindispenserar), dagtilbod for eldre og brukarstyrt personleg assistanse.
Vårt mål er å støtte brukarane i å meistre kvardagen – med respekt, fagleg tryggleik og omsorg i sentrum.
Er du ein engasjert helsefagarbeidar som ønskjer å bidra i dette viktige arbeidet? Då vil me gjerne høyre frå deg!
Stillinga inneber turnusarbeid med arbeid kvar 3. helg, eller langvakter kvar 4. helg.
Tiltreding etter avtale.
Arbeidsoppgåver
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev innan helse- og sosialfag.
- Relevant erfaring / praksis er ønskeleg.
- Førarkort.
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- Har gode samarbeidsevner og evne til å jobba sjølvstendig.
- Er fleksibel og løysingsorientert.
- Trivast med variert arbeid, og likar ein viss grad av uforutsigbarhet og til tider dagar med høgt arbeidstempo.
- Bidrar til ein positiv kultur og eit godt arbeidsmiljø.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- Varierte og spanande arbeidsoppgåver i ein flott kommune.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Som tilsett får du tilbod om medlemskap i velferdsklubb som gjev tilsettegoder.
Andre opplysingar
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar Elin Akse Vik på telefonnr.: 412 48 119.
Kontaktinformasjon
Elin Akse Vik, Avdelingsleiar Sone Sør, 412 48 119, Elin.Akse.Vik@bomlo.kommune.noHilde Markhus, Verksemdsleiar Bømlo heimeteneste, 909 49 278, Hilde.Markhus@bomlo.kommune.no
Arbeidsstad
Leirdalen 15430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 5020413934
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.10.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b04da3bc-a533-47be-8173-21f05df083ca
- Hentet fra
talentech
- Referanse
09e3123d361a44b2bf940491c6d25720