Miljøarbeidar
Grindhaug skule, Karmøy kommune
Nyevegen 1, 4270 Åkrehamn
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøarbeidar
- Oppstart
- 1. desember 2025
- Type ansettelse
- Fast, deltid 80%
- Arbeidstid
- Ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Grindhaug skule ligg på Åkra, vest på Karmøy. Skulen vår er prega av eit trygt og inkluderande læringsmiljø der kvar elev får moglegheiter til å utvikla seg både fagleg og sosialt. Me legg stor vekt på trivsel og eit godt arbeidsmiljø for alle tilsette. I tillegg er me stolte over å vera ein del av eit levande skulemiljø, og i 2026 skal me feira at Grindhaug skule fyller 50 år.
No er me på jakt etter deg som brenn for å gjera ein forskjell for dei elevane som treng litt ekstra støtte. Som ein del av vårt dyktige team, vil du vera med på å sikra at desse elevane får dei ressursane dei treng for å meistra skulekvardagen og trivast. På Grindhaug skule set me stor pris på samarbeid, og me trur at den beste læringa skjer i lag. Dette er ei moglegheit for deg som ønskjer å jobba tett på elevar og bidra til at dei når sine mål både fagleg og sosialt. Du vil bli ein viktig del av eit inkluderande arbeidsmiljø som har eit særleg fokus på tryggleik og tilpassa opplæring for alle.
Arbeidsoppgåver
- Arbeide med elevar som har behov for ekstra tilrettelegging i skulekvardagen.
- I samarbeid med kollegaer sørgje for at elevane meistrar skulekvardagen og utviklar seg fagleg og sosialt.
- Følgje elevar i ulike læringsaktivitetar i klassen, ein til ein og i mindre grupper.
- Delar av stillinga vil vera knytt opp mot SFO.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, annen relevant erfaring blir vurdert.
- Ønskjeleg med erfaring frå liknande arbeid.
- Gode kommunikasjonsferdigheiter.
- Kunne gi og ta imot rettleiing.
Personlege eigenskaper
- Tydeleg og trygg vaksen som klarer å setje grenser.
- Tålmodig og raus.
- Fleksibel og løysingsorientert.
- Gode samarbeidsevner.
- Initiativrik og kreativ.
Personleg eignaheit blir vektlagt.
Me tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med fokus på utvikling.
- Ein spennande og innhaldsrik arbeidskvardag.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Lønn etter gjeldande regelverk. Tilsetjing på vilkår og avtaler som gjeld innanfor skulefeltet. Det er krav om politiattest for alle som skal arbeide i skulen.
Kontaktinformasjon
Hege Mæhle, Rektor, 52811767Arbeidssted
Nyevegen 14270 Åkrehamn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Karmøy kommuneReferansenr.: 5031838854
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.12.2025
Søknadsfrist: 06.11.2025
Om bedriften
Karmøy er regionens største kommune med mer enn 43 000 innbyggere hvor du finner et godt bo- og oppvekstmiljø, et rikt kulturliv og gode fritidstilbud. Kommunen tilbyr god kvalitet på tjenestene og vil videreutvikle seg sammen med både deg, frivilligheten og næringslivet i en bærekraftig retning.
I kommunen er det 3600 ansatte i hel- og deltidsstillinger. Vi jobber kontinuerlig for å være regionens beste arbeidsplass og skal være modig, inkluderende og åpen.
Sammen om framtidens Karmøy
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
aff24c5c-5573-44f5-9e5e-b5a7a0c3fc9d
- Sist endret
7. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8d5161c18f7b473c86819b07f21e70e1
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Skole, Karmøy kommune
Sted
Kopervik
Arbeidsgiver
Lillesund skole
Sted
Haugesund
Arbeidsgiver
Austbøvegen, Karmøy kommune
Sted
Karmsund
Arbeidsgiver
Åkrehamn vgs, Rogaland fylkeskommune
Sted
Åkrehamn