Psykolog
Nordfjord BUP, Helse Førde
Sjukehusvegen 7, 6770 Nordfjordeid
Om jobben
- Stillingstittel
- Psykolog
- Type ansettelse
- Engasjement, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 10. september
Avdeling for psykisk helsevern barn og unge er delt i fire seksjonar, ein sengepost og tre poliklinikkar. Poliklinikken dekkjer geografisk kommunane Stad, Gloppen, Stryn og Måløy-delen av Kinn, som til saman har ei barnebefolkning i underkant av 7 000.
Poliklinikken har 14 medarbeidarar i faggruppene overlege/LIS, psykologspesialistar/psykolog, sosionom/barnevernpedagog, pedagog, psykiatrisk sjukepleiar og miljøterapeut. Dei fleste er spesialistar i sitt fagfelt. Vi arbeider tverrfagleg i team.
I tillegg har vi administrasjonskonsulent og sekretær, ein prosjektleiar for prosjektet integrerte tenester TAKT, og eit FACT Ung-team i samarbeid med Stad kommune.
Vi legg stor vekt på godt samarbeid med førstelinja for å sikre at barn, unge og familiar får rett hjelp på rett nivå til rett tid.
Nordfjord BUP sitt motto er: Vi utviklar oss i samspel heile livet!
Vi søkjer ein medarbeider som er interessert i å jobbe med barn, unge og familiar, og som likar å samarbeide med andre for å få bidra til gode endringssprosessar.
Vi ser særleg etter detg som ønskjer å arbeide i FACT Ung-teamet
Vi oppmodar menn til å søkje.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering og behandling
- Jobbe etter FACT Ung modellen
- Samarbeide med førstelinja og andre i spesialisthelsetenesta om eit heilskapleg helsetilbod
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykolog eller psykologlisens
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, er avgjerande for god pasienthandsaming.
- Erfaring frå arbeid med barn og unge
- God system- og rolleforståing
Personlege eigenskapar
- Gode evner til å møte og kommunisere med barn, unge og foreldre slik at dei kjenner seg sett og forstått
- Gode evner til å samarbeide med andre fagpersonar på ein likeverdig og respektfull måte slik at vi kan gjere kvarandre betre
- Fagleg nysgjerrigheit, engasjement, kreativitet og fleksibilitet i møte med arbeidsoppgåver
- Like varierte utfordringar, og må trivast i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
- Mange spennande arbeidsoppgåver
- Eit aktivt tverrfagleg fellesskap med høg kompetanse, som er ope for nye tankar/idear og alltid søkjer etter fornying og forbetring
- God fagleg vidareutvikling
- Løn etter gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Mary Ann Refseth, Seksjonsleiar, 578 64 350Arbeidssted
Sjukehusvegen 76770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5171643818
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Sluttdato: 31.08.2029
Søknadsfrist: 10.09.2026
Kontaktperson for stillingen
Mary Ann Refseth
Seksjonsleiar
578 64 350
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
aef456e8-7824-4bee-8072-4559316f84ec
- Sist endret
27. august 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
791055709ca948c38d9998a7223f89c2