Helsesekretær/sekretær
REVMATOLOGI OG HUD, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsesekretær/sekretær
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 14. oktober
Hudpoliklinikken i Kristiansund har ledig 100 % stilling som helsesekretær/sekretær eller anna helsepersonell. Stillinga er ledig frå snarast, men oppstart kan avtalast.
Vi er ei lita eining med eit tett og godt arbeidsmiljø, beståande av to helsesekretærar, 2,5 sjukepleiarstillingar, 2 overlegestillingar og 1 LIS-lege-stilling.
Sekretærfunksjonen er sentral i ein poliklinikk, og vi søkjer deg som ønskjer å bidra til god og effektiv drift av hudpoliklinikken.
Arbeidsoppgåver
- Pasientadministrativt arbeid som utførast i programmet Helseplattformen
- Ventelistearbeid, oppgavemeldingar, telefon, post, luke, dokumentering, tolketjeneste- og pasientreisebestilling
- Samhandling med pasientar, pårørande og ulike faggrupper både internt og eksternt
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsesekretær er ein fordel, men andre med helsefagleg bakgrunn/utdanning og relevant erfaring som sekretær er også aktuelle
- Det er ein fordel med kjennskap til Helseplattformen, men ikkje noko krav då opplæring vert gitt
- Kjennskap til poliklinisk drift er ein fordel
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Gode datakunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du er ansvarsbevisst
- Du arbeider strukturert og sjølvstendig
- Du har evne til å jobbe i ein hektisk kvardag
- Du er engasjert, fleksibel og imøtekommande
- Du er serviceinnstilt og positiv til pasientar, publikum og kollegaer
- Du er i stand til å gi og ta imot rettleing
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.Kontaktinformasjon
Ida Grøtta Barstad, Seksjonsleiar, 70105458, Ida.Grotta.Barstad@helse-mr.noArbeidsstad
Herman Døhlens vei 16508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5017813461
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
aeb6b252-00e1-4b50-b5db-81e39228416b
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3107b7a437df4653aaf6763a9726f427