Ledige helgestillingar i Pleie- og omsorg
Bokn kommune Pleie- og omsorg
Boknatunvegen 37Bokn kommune, 5561 Bokn, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helgestilling helsefagarbeidar\assistent \sjukepleiarstudent
Type ansettelse
Vikariat, deltid 22%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Søk på jobben
Søk senest søndag 14. september
Er du helsefagarbeidar\sjukepleiarstudent\vernepleiarstudent eller helsefagelev og ønskjer å jobbe på ei lita, koseleg og nyoppussa sjukestove med flott sjøutsikt, trivelege bebuerar og dyktige, inkluderande kollegaer? Då kan Bokn sjukestove vera staden for deg! Arbeidsdagane er varierte då ein vekslar mellom å arbeide inne på sjukestova og ute i heimetenesta.
Me har no ledig 4 vikariat på helg med gjennomsnittleg stillingsprosent på 22 % per stilling, noko som tilsvarar 13,5 timars vakter kvar 4. helg. Det er mogleg å søkje på meir enn ei helg slik at ein får høgare stillingsprosent i perioden.
Me ønskjer i hovudsak deg som har helsefagleg utdanning, men andre med relevant erfaring og\eller under helsefagleg utdanning vert også vurderte og oppmodast til å søkje.
Stillingane er ledig frå snarast og til 31.08.2026
Om arbeidsstadenPleie og omsorg består av Sjukestova, heimetenesta og Bu- og aktivitet. Omsorgsbustadane ligg i flukt med sjukestova.
Det er 16 sengeplassar ved sjukestova og 12 omsorgsbustadar.
Avdelingane er lokalisert på Boknatun.
Arbeidsoppgåver i stillinga- Ordinære helsefagarbeidaroppgåver
- Utlevering av medisiner (må då ha medikamentkurs)
- Stell og pleie
- Halde seg fagleg oppdatert
- Veiledning til pasientar og pårørande
- Tverrfagleg samarbeid
- Tillitsskapande miljøarbeid
- Ha fokus på bruk av velferdsteknologi
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Offentleg godkjent helsefagarbeidar
- Andre med interesse for å utdanne seg som helsefagarbeidar kan også søkje
- Førarkort klasse B
- Evne til å motivere og engasjere
- Initiativrik og fleksibel
- God samhandlingskompetanse
- Kunne arbeide sjølvstendig og i team
- Trivast med å arbeide med mennesker
- Godt humør og løysningsorientert
- Handtere travle arbeidskvardagar
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Tilsetjing og løn etter gjeldande lovar og tariffavtale
- Innmelding i pensjonskasse
- Dyktige, motiverte og inkluderande kollegaer
- Ein spanande arbeidsplass med moglegheit for fagleg utvikling
Kvar skal du sende søknaden?
Søknaden skal sendast elektronisk via kommunen sitt rekrutteringssystem. www.bokn.kommune.no "ledige stillinger"
Attestar og vitnemål treng ikkje leggjast ved søknaden.
Det er krav om gyldig politiattest ved tilsetjing.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ae733f73-2612-4231-892e-632c02667290
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3535535_241083_nn