Pedagogisk leiar / barnehagelærar i Gol barnehage
Gol kommune Gol barnehage
Gamlevegen 4, 3550 Gol, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. oktober
Gol barnehage har ledig fast stilling som pedagogisk leiar / barnehagelærar frå november 2025.
Gol barnehage er felles overordna organisering av dei tre kommunale barnehagane; Breidokk barnehage med eiga naturavdeling, Vesterhuset barnehage og Herad barnehage. Alle tre barnehagane har 4 eller 5 avdelingar for barn i alderen ca. 1 – 5/6 år. Sjå heimesida til Gol kommune for informasjon om kvar barnehage.
I Gol barnehage arbeider vi med ei kontinuerleg utvikling av barnehagane, og søkjer medarbeidarar som er interesserte i å ta aktiv del i utvikling, omsorg og læring hos kvart barn og av verksemda. Barnehagane samarbeider mykje og deltek i regionalt utviklingsprosjekt, Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis.
Innhald i stillingane: Pedagogisk leiar er ein del av leiargruppa i den einskilde barnehagen, og har hovudansvar for planlegging og gjennomføring av det pedagogiske arbeidet anten aleine eller saman med fleire pedagogar på «sin» avdeling og for heile barnehagen. I tillegg skal pedagogisk leiar samarbeide med, leie og rettleie fagarbeidarar/assistentar på avdelinga aleine eller saman med anna pedagog.
Dine kvalifikasjonar:- Godkjent barnehagelærarutdanning eller tilsvarande relevant utdanning
- Kunne bruke digitale verktøy i både planleggingsarbeid og som eit pedagogisk verktøy
- Uttrykke deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg
- Kreativ og leiken, samtidig som du kan vere ein tydeleg vaksenperson
- Aktiv og bevisst vaksen saman med barna både inne og ute
- Har evner til å skape gode relasjonar med barn
- Kan begeistre og motivere barn, kollegaer og foreldre
- Er interessert i barn si utvikling og medverking
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner overfor både barn, føresette og tilsette
- Bidreg til eit raust arbeidsklima
- Profesjonell, lydhøyr og tillitsvekkande i møte med kollegaer og foreldre
- Er aktiv deltakande i barnehagen sitt pedagogiske utviklingsarbeid og vere pådrivar i nye utviklingsprosjekt
- Er fleksibel, positiv innstilt og initiativtakar
- Profesjonelt og utviklingsorientert læringsfellesskap og eit godt arbeidsmiljø
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
- Løn etter utdanning og praksis
- Rettleiingsgruppe for nye pedagogiske leiarar/barnehagelærarar
- Gratis trening
- Hallingdal har eigen MiB-gruppe for menn i barnehagane, og menn blir oppfordra til å søkje
- Det vil ved tilsetjing bli lagt stor vekt på personleg eignaheit og evne til samarbeid
- Dei som blir tilsette, må leggje fram tilfredsstillande politiattest jf. Lov om barnehagar
- Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju, og må leggje fram kopi av vitnemål og attestar
- Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først).
- Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
- Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ae599b8f-34e1-4ea5-b16f-2091e24b4f26
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3547009_194601_nn