Hopp til innhold

Er du vår nye resepsjon- og bookingsjef.

Arbeidsgiver

Vøringfoss Hotel AS

Sted

Ostangvegen 20, 5783 Eidfjord

Om jobben

Stillingstittel
Resepsjon- og bookingsjef
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. november

Vår noverande resepsjons- og bookingsjef går vidare til nye utfordringar i Fjordtind Hotels, og me søkjer ein engasjert eldsjel som vil leie resepsjonen med godt humør, omtanke og nye idear. Stillinga er eit vikariat for 2027, med moglegheit for forlenging. Me tilbyr ein variert og spennande jobb i det me tør påstå er verdas finaste kulissar!

Som resepsjons- og bookingsjef brenn du for gode gjesteopplevingar og veit at dei små detaljane gjer ein stor forskjell. Vertskapsrolla står sentralt, og resepsjonen er eit viktig bindeledd mellom gjestene og dei ulike avdelingane på hotellet. Saman med teamet ditt sørgjer du for at kvar gjest kjenner seg velkomen og godt ivareteken -- frå første kontakt til avreise.

Me ser etter deg som har:

  • Lokal tilknyting til Hardanger, eller ynskje om å flytte hit.

  • Erfaring frå resepsjonsarbeid i hotellbransjen eller anna relevant erfaring.

  • God systemkunnskap (me nyttar hotellsystemet Mewsl, PMI og Capitech) og struktur. Du taklar stress og er løysingsorientert.

  • Leiarerfaring og/eller relevant utdanning.

  • Forståing av kva som skapar dei gode gjesteopplevingane.

  • Kjærleik og omsorg for våre tilsette.

  • Brennande ynskje om å jobbe for at våre tilsette skal fortsetja å utvikla seg til å nå sitt beste potensiale: Me skal alltid bli betre!

  • Du skriv og snakkar norsk og har gode språkkunnskapar skriftleg og munnleg i engelsk og gjerne fleire språk.

Me tillbyr:

  • Høgt endringstempo.

  • Naturen kloss i hotellet. Fjord og fjell - som er like eventyrlege alle årstider.

  • Hjelp med å finna bustad.

  • Gode vilkår til riktig kandidat.

  • Plass i leiarteamet og moglegheit for stor grad av påverknad.

  • Som ein del av Fjordtind Hotels vil du få ei viktig rolle som 1 av 3 resepsjonssjefar som har godt samarbeid.

I tilknyting til resepsjonen ligg det ein bar og restaurant som resepsjonen tidvis betener, så det er flott om du i tillegg har kjennskap eller ynskje om å utvikla kunnskapar på dette området.

Er du, eller kjenner du nokon som er, den rette for jobben? Send ein kort søknad og CV.

Om bedriften

Vøringfoss Hotel i Eidfjord har 81 rom og har dei siste åra gjennomgått ei større renovering, omprofilering og utvikling av nye mat- og drikkekonsept.
Saman med dei to andre hotella i Fjordtind Hotels, vil me at våre gjester skal oppleva Hardanger på sitt aller beste, gjennom aktivitetar med både låg og høg puls.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

adf203fc-187f-46c4-8fea-618172b0876c

Sist endret

15. oktober 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

478639623

Lignende annonser

Laster lignende annonser