Miljøterapeaut/vernepleier
Bykle kommune, Bykle
Sarvsvegen 16, 4754 Bykle, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapeaut/vernepleier
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 14. mai
Bykle barne- og ungdomsskule ligg i Bykle og er ein 1-10 skule og har om lag 65 elevar. Bykle kommune har gode skular og fritidstilbod til barn- og unge.
For skuleåret 2025/2026 treng Bykle skule ein miljøterapeut som kan hjelpe ein gjesteelev i kvardagen.
Bykle skule ønskjer seg tilsette som kan vere med å gjere sitt til at vi blir endå betre. Skulane er godt utstyrte, inkludert svært gode digitale verktøy, for både tilsette og elevar. Det er stort uteområde med mange uteaktivitetar. Skuleutvikling og godt læringsmiljø er viktig for oss. Dette ønskjer vi at våre tilsette skal engasjere seg i.
Bemanninga er god og du vil møte dyktige kollegaer.
Arbeidsoppgaver
Følgje opp elev gjennom skulekvardagen
Målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid
Samarbeid med føresette, nettverk og samarbeidspartnere
Delta i skuleutvikling og byggje eit godt læringsmiljø
Praktisk oppgåver
Kvalifikasjoner
Bachelor i vernepleie eller relevant høyskoleutdanning
Kompetanse og erfaring med læringsutfordringar og førebyggjing av atferd som utfordrar
I samarbeid med teamet ha eit medansvar for elevens opplæring i tråd med gjeldande lovverk
Erfaring frå skule er ein fordel
Behersker godt norsk, skriftleg og muntleg
Personleg egnethet vil bli vektlagt
Personlige egenskaper
Ha eit positivt elevsyn og evne til vise omsorg og gje tryggheit
Evne til å ta initiativ og byggje gode relasjonar
Positiv, ansvarsbevisst, stabil, strukturera og sjølvstendig
Gode samarbeidsevner
Ønsker å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt
Godt humør
Vi tilbyr
Eit godt arbeids- og fagmiljø
Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
Velferdstiltak som skapar trivsel og samhald
Gode pensjons- og forsikringsordingar
Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
Flyttegodtgjersle etter eige reglement
Bedriftsleilighet i kanalbyen, Kristiansand
Det vert kravd politiattest for tilsetting i stillinga.
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju. Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot. Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvaliserte til å søka hos oss. Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.
Vi ønsker ikkje kontakt med annonseseljarar
Kontaktinformasjon
Lars Erik Domaas, Rektor/Virksomhetsleder, 95775888Arbeidssted
Sarvsvegen 164754 Bykle
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BykleReferansenr.: 4962762661
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 14.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Lars Erik Domaas
Rektor/Virksomhetsleder
95775888
Om bedriften
Bykle kommune som arbeidsgjevar:
- Vi er organisert på to nivå: kommunedirektør med stab og 7 tenesteeiningar
- Vi er ca. 190 tilsette
- Hos oss er det kort avstand mellom leiar og tilsett
- Vi er ei IA-bedrift
Om Bykle:
- Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal
- Kommunesenteret er lokalisert i Bykle
- Hovden er eit stort turistsenter, og i sesong aukar innbyggjertalet i kommunen til over 20 000
- Fritidstilboda er mange og varierte, både sommar og vinter. Vi har blant anna eit flott alpinsenter, nypreppa langrennsløyper både i nærområde og på høgfjellet, golfbane og badeland
- Vi er kjende som eit attraktivt turistmål med gode kraftinntekter
- Det er løpande SFO- og barnehageopptak
Avstandar:
- Bykle - Kristiansand er 18 mil
- Bykle - Oslo er 29 mil
- Bykle - Stavanger er 33 mil
- Bykle - Bergen er 35 mil
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2929899
- Hentet fra
talentech
- Referanse
160250aab9fa494882c267563d2c7142