ID 2235 Personal- og organisasjonssjef
Stord kommune
Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Personal- og organisasjonssjef
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Stord kommune søkjer etter personal- og organisasjonssjef. Stillinga inngår i kommunedirektøren si leiargruppe, og skal vera ein pådrivar i arbeidet med den vidare utviklinga av kommunen under visjonen <<Saman om utvikling og velferd>>. Stillinga har eit særleg ansvar for organisasjonsutvikling og den overordna arbeidsgjevarpolitikken.
Personal- og organisasjonssjefen representerer sitt ansvarsområde i ulike politiske og administrative møte.
Ansvarsområde-
Lønn og personal
-
Kompetanseutvikling
-
Helse, miljø og tryggleik (HMT)
-
Kontakt med arbeidstakarorganisasjonane, m.a. årlege lønnsforhandlingar
-
Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) og digitalisering
-
Fellestenester på Rådhuset (inkludert politisk sekretariat)
-
Medlem av den kommunale kriseleiinga
-
Stillinga er ansvarleg for 3 leiarar
-
Har relevant leiarerfaring
-
Har erfaring og kompetanse frå omstillings- og endringsarbeid
-
Har gode samarbeidsevner og er opptatt av å skapa eit godt arbeidsmiljø
-
Har gjennomføringsevne og er oppteken av resultat
-
Har god rolleforståing og verdset partssamarbeidet
-
Har god digital kompetanse
Kvalifikasjonskrav:
-
Relevant utdanning frå høgskule/universitet, min. på bachelor-nivå. Mastergrad innan leiing, administrasjon, organisasjon er ein fordel.
-
Har god kunnskap og erfaring om lov- og avtaleverk og HMT
-
God forståing for offentleg administrasjon og politikk vil bli vektlagt
-
Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk/nynorsk.
-
Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver i ein kommune i utvikling
-
Positive og dyktige medarbeidarar
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt, trimrom og utleige av tilhengar mm.
-
Lønn etter avtale
-
Ei av Noregs sikraste pensjonsordningar
Stord kommune står ovanfor store utfordringar for å tilpasse oss framtida. Endringar i ansvarsområdet til Personal og organisasjonssjef kan bli aktuelt.
Ta gjerne kontakt for ein uformell samtale.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Om bedriften
Stord kommune er ein stolt industrikommune i Vestland med over 19 000 innbyggjarar. Me er ein <<liten by for det heilt store>>. Her er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv, kulturliv og frivillig sektor. Stord kommune ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland. Kommunen er ein kompakt vekstkommune som legg til rette for framtidas næringsliv, heiar på samskaping og samarbeid, satsar på inkluderande fellesskap og grøn byutvikling, og ynskjer å forvalta våre natur- og friluftsområde og den nære strandsona til beste for fellesskapet.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2699734
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
ade265bd-65d4-4d7f-b9eb-8d186c46f2e6