Fengselsbetjent
Bergen fengsel
Steinestøvegen 401, 5109 Hylkje, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fengselsbetjent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
25
Søk på jobben
Søk senest søndag 28. september
Om stillinga
Me i Bergen fengsel søkjer inntil 25 fengselsbetjent i 100% stillingar.
I Bergen fengsel forsøkjer me å møte kvar enkelt innsatt med respekt og anerkjenning.
Som betjent hos oss får du ein arbeidskvardag der tillit, relasjonar og samarbeid står i sentrum – og der du verkeleg får brukt deg sjølv som menneske.
Bergen fengsel er eitt av dei største fengsla i landet, med soningsplassar for både kvinner og menn. Dette gir betjentar eit variert og spennande arbeidsfelt, der ingen dagar er like.
Hos oss er dynamisk tryggleik meir enn eit begrep – det er måten vi jobbar på kvar dag. Vi skaper tryggleik gjennom relasjonar, respekt og nærvær, ikkje berre gjennom murar og gitter.
Kvifor velje Bergen fengsel som betjent?- Du får eit tett samarbeid med kollegaer frå ulike fagfelt – tverrfagleg arbeid er ein naturleg del av kvardagen.
- Du får høve til å bygge sterke relasjonar, og oppleve at innsatte endrar seg gjennom tillit og oppfølging.
- Du blir del av eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø, med rom for utvikling og læring.
- Du får vere med på å skape reelle forskjellar – for innsatte, for kollegaene dine og for samfunnet.
I Bergen fengsel er du ikkje berre ein del av tryggleiken – du er ein del av utviklinga.
👉Blei du nysgjerrig på korleis det er å jobbe hos oss? Klikk her for å sjå filmen og bli inspirert.
. Video: https://youtu.be/yPsJr8ExqtsArbeidsoppgåver
- ivareta tilsette- og innsattes sikkerheit i henhald til lovverk, retningslinjer og rutinar
- avdelingsteneste med daglege oppgåver knytt til innsatte
- evne til tryggleikstenking, grensesetjing og konfliktløysing
- kontaktbetjentarbeid, soningsplanlegging, miljøarbeid og programarbeid
- vere ein aktiv medspelar i den faglege og sikkerheitsmessige utviklinga av avdelinga
- tverrfagleg samarbeid
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha- bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskulen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS
- god munnleg og skriftleg norsk framstillingsevne
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
- førarkort klasse B
- plettfri vandel
- erfaring frå kriminalomsorgen
- erfaring med å arbeide med menneskjer
- kunnskap om straffegjennomføringslova
Personlege eigenskapar
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- har evne og vilje til å drive påverknadsarbeid
- evne til tryggleikstenking
- evne til å opptre roleg, men bestem i utfordrande grensesituasjonar
- evne til å stå i konflikt
- syne omsorg, empati og forståing
- har evne til å vere ein samtalepartnar og rollemodell for dei innsette
- gode relasjonelle ferdigheiter
- er mål- og resultatorientert
- evne til gje og få rettleiing
- har evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk
- verdiar i tråd med kriminalomsorgen
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
Vi tilbyr
- ein unik mogelegheit til å vere med å bidra til at innsatte og domfeltes opphald i fengselet blir meiningsfullt og rehabiliterande.
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
- gratis parkeringsmogelegheitar, kantine og bedriftsidrettslag.
Stillinga vert lønt som fengselsbetjent (0264) frå kr. 474 000 - 573 000, Det vert trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. I tillegg kjem variable turnustillegg, for ukomfortable arbeidstider.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til Stine Berger - Fengselsinspektør tlf. 55 39 37 92 / stine.berger2@kriminalomsorg.no
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Om bedriften
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ada2439d-ff5c-4532-a394-af54d16e617f
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10262034