Driftsteknikar
Ulstein kommune, Eigedomsforvaltning
Sjøgata 32, 6065 Ulsteinvik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Driftsteknikar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. oktober
Ulstein kommune søkjer ein driftsteknikar til drift- og vedlikehaldsavdelinga. Stillinga inngår i eit team som har ansvar for effektiv, trygg og framtidsretta drift av kommunale bygg og eigedomar.
Om stillinga
Avdelinga driftar nær 100 000 m² eigedom, fordelt på om lag 160 bygg og 300 utleigeavtalar. Vi ser etter deg som har brei praktisk erfaring frå drift og vedlikehald – gjerne innan elektro, mekanisk industri eller tømrarfag. I tillegg er digital kompetanse viktig, sidan dokumentasjon og forvaltning av bygg i stadig større grad skjer gjennom digitale system.
Som driftsteknikar vil du få varierte arbeidsoppgåver, og vere ein viktig del av laget som sikrar at kommunen sine bygg fungerer godt for brukarar, tilsette og innbyggarar.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg drift og vedlikehald av kommunale bygg
- Oppfølging av tekniske installasjonar og serviceavtalar
- Bruk og oppdatering av digitale FDV-system
- Bidra til utvikling av rutinar og systematikk i avdelinga
- Samarbeid med kollegaer, brukarar og eksterne leverandørar
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning, til dømes fagbrev eller teknisk fagskule
- Erfaring frå drift/vedlikehald, elektro, mekanisk industri eller tømrarfag
- Digital kompetanse og interesse for å bruke digitale system i arbeidskvardagen
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Førarkort klasse B, gjerne også klasse BE
Personlege eigenskapar
- Praktisk, allsidig og løysingsorientert
- Gode samarbeidsevner og vilje til å bidra i eit lag
- Sjølvstendig, ser oppgåvene og set i verk tiltak
- Nøyaktig og strukturert
- Serviceinnstilt og likar utfordringar
Vi tilbyr
- Ei spennande stilling med varierte arbeidsoppgåver og høve til utvikling
- Moglegheit til å bidra i oppbygginga av framtidsretta drift av kommunale bygg
- Eit arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer
- Konkurransedyktige vilkår i tråd med gjeldande avtaleverk
- God offentleg pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Ottar Håkonsholm, Eigedomssjef, +47 995 37 805, ottar.hakonsholm@ulstein.kommune.noArbeidsstad
Sjøgata 326065 ULSTEINVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein kommuneReferansenr.: 5018456240
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ad9ac8b8-f8d3-4a83-bce7-8d553b2a41bb
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c347715d0d6846f2a8b86122b1430245