Engasjert helsefagarbeidar? Vi har plass til deg i laget vårt
Kirurgisk og medisinsk post Odda sjukehus
Sjukehusvegen 10, 5750 Odda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Oppstart
6. oktober 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 23. september
Er du ein engasjert helsefagarbeidar på jakt etter nye utfordringar? Då kan vi tilby deg noko heilt spesielt!
Kirurgisk og medisinsk sengepost er ein spennande avdeling med 9 sengeplassar, i tillegg til to ØHD-senger for Ullensvang kommune. Her jobbar dyktige sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, legar, sekretærar og fysioterapeutar som saman skapar eit sterkt fagmiljø.
Vi tar imot pasientar med varierte problemstillingar og diagnosar som lunge- og hjartesjukdommar, infeksjonar, og ulike kirurgiske tilstandar. Hos oss blir du del av eit team som tilbyr daglege faglege utfordringar, noko som gir deg ei brei og verdifull erfaring.
Hos oss får du dele på oppgåvene – og lære meir i praksis.
Som helsefagarbeidar får du vere med på oppgåver som til dømes å justere oksygenbehandling og følgje opp pasientar med veneflon (PVK). Vi legg til rette for at du får bruke kompetansen din, sertifisere deg, og samtidig utvikle deg vidare i samarbeid med sjukepleiarar og resten av teamet.
Blir du freista?
Har du spørsmål, ikkje nøl med å ta kontakt med vår funksjonsleiar Andreas Jacobsen.
Velkommen til Odda – natur og kultur hand i hand!
Odda er ein kulturby omgjeven av spektakulær natur, med aktivitetar året rundt. Her kan du gå tur i fjella, oppleve Trolltunga, klatre i Via Ferrata, eller nyte vinterens skiløyper og sommarskisenter i Jondal. Kulturlivet byr på noko for alle, med til dømes litteratursymposiet, Hardanger musikkfestival, NM i morellspytting og ei blueshelg.
Stillinga er 80%, mulighet for 100% om det er ønskelig.
Kva går jobben ut på?
- Identifisere og rapportere helseutfordringar, eller omsorgsbehov
- Gjennomføre naudsynlege tiltak saman med sjukepleiar og legar
- Sikre at pasientane får omsorg, pleie, informasjon og opplæring
- Dokumentere og vidareformidle viktig informasjon
- Følgje opp lærlingar
- Bidra til kompetanse- og fagutvikling i avdelinga
- Delta på obligatoriske kurs og oppdateringar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andremorsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, måminimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggastsøknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvikakravet om bestått norsktest på B2-nivå
Personlege eigenskapar vert vektlagd
Kva ser vi etter hos deg
Vi ser etter deg som:
- set pasienten i fokus og er oppteken av god behandling
- tek ansvar, er sjølvstendig og tilpassar deg nye oppgåver
- kommuniserer tydeleg og samarbeider godt på tvers av faggrupper
- bidreg positivt til arbeidsmiljøet og støttar kollegaene dine
Kvifor skal du velje oss?
Desse fordelane får du ved å jobbe hos oss:
- Eit utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit spanande og aktivt fagmiljø.
- Eit godt innarbeida opplæringsprogram og plan for kompetanseutvikling.
- Oppgåvedeling med sjukepleiarar – og moglegheit for sertifisering i prosedyrar som oksygenbehandling og veneflon.
- Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg.
- Eit trivelig arbeidsmiljø.
Kontaktinformasjon
Andreas Jacobsen, Funksjonsleiar, +47 40518183, andreas.jacobsen@helse-fonna.noKristin Espe Jensson, Fagutviklingssykepleier, 53651013, kristin.espe.jensson@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 105750 ODDA
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5010854500
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 06.10.2025
Søknadsfrist: 23.09.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ad731d7c-504f-4821-bf28-fab709e7d058
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0a7265900e3649ecac55ac731ad69e66