Sjukepleiar/vernepleiar
Øysteseheimen langtidsavdeling
Skårdalsvegen 20, 5610 Øystese, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. oktober
Me treng deg som er sjukepleiar!
- Me søkjer sjukepleiar til ledig 80 - 100 % fast stilling
- Oppstart etter avtale
- Stillinga er for tida i turnus med arbeid 3. kvar helg eller 4. kvar helg (langvakter på 12,5 time).
Øysteseheimen langtidsavdeling er organisert under avdeling for heildøgnstenester og lokalisert i sentrum i Øystese. Målsetjinga vår er at Øysteseheimen skal vera ein plass der det er godt å bu. Saman med dei andre tilsette jobbar me for å gje bebuarane ein trygg og verdig alderdom.
Som tilsett hos oss vil du få opplæring og høve til vidareutdanning og kompetanseheving.
Arbeidsoppgåver
- Oppgåver knytt til pasientoppfølging
- Medisinske prosedyrar
- Koordinering av pleieplanar
- Oppfølging av ADL/IPLOS og ernæring
- Miljøarbeid med fokus på fysisk aktivitet og trivsel
- Fagutvikling
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Nyutdanna/snart ferdig utdanna sjukepleiarar oppfordrast til å søkja
- Har du vidareutdanning i demens/geriatri og/eller erfaring frå arbeid på demensavdeling blir dette lagt vekt på
- God kommunikasjonsevner
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Du må kunne arbeida sjølvstendig
- Gode samarbeidsevner
Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.
Ber om at du legg inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter
Personlege eigenskapar
- Interesse for fagfeltet geriatri
- Engasjert og positiv
- Kunna formidla empati, visa respekt og omsorg
- Fleksibel og løysingsorientert
- Er positiv og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein arbeidstad i utvikling
- Trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsoppgåver
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønnssystem
- Som sjukepleiar/vernepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg kr 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid)
- Gode pensjons-/ og forsikringsordningar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Siw Waage Solvåg, Leiar for heildøgns omsorg, +47 992 74 317Arbeidsstad
Skårdalsvegen 205610 Øystese
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 5016661571
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Siw Waage Solvåg
Leiar for heildøgns omsorg
+47 992 74 317
Om bedriften
Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.
Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.
Ein kommune for framtida
Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av regionsenteret vårt Norheimsund.
Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid.
Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ad1f0730-4cc6-4283-befb-6c80103483be
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1ea9ad5b39154c2f9d51d9ec48f5d9c6