Avdelingsleiar 100 % fast stilling
Helsehus, Sykkylven kommune
Haugneset 20, 6230 Sykkylven, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar 100 % fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 21. september
Vi har ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar for legetenestene!
Legetenestene flyttar inn i nye lokaler "Sykkylven Helsehus" hausten 2025, og omfattar både legekontor med fastlegar og hjelpepersonell, og interkommunal legevakt Sykkylven og Stranda. Legevakta har fast tilsette legevaktslegar og hjelpepersonell i turnus. I tillegg deltek fastlegane både i Sykkylven og Stranda i legevaktsarbeidet.
Legevakta skal sikre gode tenester når det oppstår behov for akutte helsetenester til dei som bur eller oppheld seg i kommunen, på ettermiddag, kveld og natt, helgar og høgtider heile året. Legevakta arbeider i nært samarbeid med AMK og er ein del av naudnettet.
Som avdelingsleiar skal du vere med å bidra til å vidareutvikle legetenesta i Sykkylven. Du skal også sikre dagleg koordinering og drift av både legekontoret og legevakta. Du skal sikre oppfølging av turnusarbeid, og bidra til god pasientflyt og samhandling som er viktige oppgåver både ved legekontoret og ved legevakta.
Hovuddel av stillinga er leiaroppgåver, men kan ved behov og kapasitet kombinerast med ein utøvande klinisk del. Du vil også ha eit tett samarbeid med einingsleiar og kommuneoverlege.
I Sykkylven Helsehus skal tre ulike fagfelt samlokalisereast, det kan bli nødvednig med endringar i arbeids- og ansvarsområdet, og det må påreknast å utføre arbeidsoppgåver som til ei kvar tid er naudsynt for å imøtekome verksemda sine behov.
Vi søker deg som vil vere med på å utvikle tenesta vidare. Kan dette vere noko for deg? Då håper vi å høyre frå deg!
Stillinga er ledig fra 01.10.2025.
Arbeidsoppgåver
- Du vil som avdelingsleiar ha medansvar for fag-, personell og økonomi
- Du skal sikre ajourhald og utarbeiding av nye rutinar og retningsliner i kvalitetssystemet
- Du skal sikre at det vert ein god flyt i pasientbehandlinga ved heile legesenteret
- Praktiske oppgåver knytt til drift vil også inngå i arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Relevant helsefagleg utdanning på minimum bachelornivå
- Kompetanse, formell og/eller erfaring innan leiing og økonomi
- Det vil vere ein fordel om du har erfaring frå drift av legekontor og legevakt
- Erfaring med turnusarbeid
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til å balansere krav/forventningar innan gitte rammer
- Gode IT kunnskapar
- God kjennskap til lover og avtaleverk
- Personeg eignaheit vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Evne til å kunne prioritere i ein hektisk arbeidskvardag
- Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
- Evne til nytenking, samt evne til å motivere og skape engasjement
- Fleksibel og løysingsorientert
- Er strukturert og har gode samarbeidsevner
- Gode kommunikasjonsevner
- Tydleg i utøving av leiarskap
Vi tilbyr
- Godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø
- Lønn etter kvalifikasjonar
- Konkurransedyktig pensjonsordning
- Før tilsetting må politiattest av nyare dato (ikkje eldre enn 3 mnd) leggast fram jf. helsepersonelloven § 20 a.
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Kontaktinformasjon
Kanutte Riber Roald, Einingsleiar Helsehus, 90720164, kanutte.roald@sykkylven.kommune.noArbeidsstad
Haugneset 206230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 5011813254
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv.
Sjå meir frå Sykkylven her
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ad12123e-7ba6-4ff9-9db3-0dbf7212c928
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5aaa6940d09b4a4a85f3e7f7f9c5bfdb