Miljøarbeidar 2x30% fast stilling.
Aukra kommune Kultur
Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøarbeidar
- Type ansettelse
- Fast, deltid 30%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
Søk på jobben
Søk senest mandag 1. desember
Stillinga kan med fordel kombinerast med stilling som fritidslos, sjå eiga utlysing.
Om stillinga – MiljøarbeidarEr du den som får ting til å skje, som trivst blant ungdom og likar å bygge gode relasjonar? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Vi søkjer ein initiativrik, kreativ og engasjert miljøarbeidar som vil vere med å skape trygge, inkluderande og kjekke møteplassar for ungdom – både på Julsundet og Gossen.
Vi ønskjer å gi ungdommane i Aukra ein plass der dei kjenner at dei høyrer til – der latter, fellesskap og meistring står i sentrum. No treng vi ein person som kan vere med å vidareutvikle desse arenaene, og bidra til ein levande og inkluderande ungdomskultur.
Du blir ein del av eit engasjert team som jobbar for å gi ungdommane i Aukra noko å gle seg til – kvar veke. Det blir ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du møter ungdom, planlegg aktivitetar, legg til rette for trivsel – og rett og slett er ein viktig vaksen som ser, høyrer og heiar på ungdommane.
Arbeidsoppgåver
- Skape og vidareutvikle opne og inkluderande møteplassar for ungdom
- Planlegge og gjennomføre ungdomsklubbkveldar og «Etter skoletid»
- Samarbeide tett med ungdom, foreldre, frivillige lag og kommunale tenester
- Vere med å lage årshjul og halvårsplanar – saman med ungdommen sjølv!
Vi ser etter deg som:
- Vi søker deg som har relevant utdanning på høgskolenivå. Erfaring og personleg eignaheit kan kompensere for dette.
- Er kreativ, initiativrik og god til å finne på aktivitetar ungdom har lyst til å vere med på
- Har interesse for gaming, e-sport eller digital skaparglede
- Har god digital kompetanse og sans for å nå ungdom gjennom sosiale medium
- Er tydeleg, trygg og ein god rollemodell
- Har eit oppriktig ønske om å bidra til fellesskap og inkludering
Vi tilbyr:
• Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
• Kommunale tilsetjingsvilkår og løn etter tariff
• Stønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning
• Flyttegodtgjersle etter lokalt reglement
• Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader.
• Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding.
Særskilte krav
• Krav om politiattest
Prøvetid
• Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader
Søkarliste
Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling"
Søknadsfrist: 01.12.2025
Kontaktperson
Anne Jorunn Sandøy, Kultursjef, tlf: 71171500, mobil: 95907055, anne.jorunn.sandoy@aukra.kommune.no
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ac9f6022-83ba-4519-b95b-ef986577f975
- Sist endret
7. november 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3561953_193061_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Aukra kommune Kultur
Sted
Aukra
Arbeidsgiver
Molde kommune Glomstua omsorgsdistrikt
Sted
Molde
Arbeidsgiver
Hustadvika kommune Haukås Skole
Sted
Elnesvågen