100% vikariat som lærar ved Kinsarvik skule
Ullensvang kommune Kinsarvik skule
Sandvikevegen 16, 5780 Kinsarvik
Om jobben
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. desember
Kinsarvik skule er ein 1.- 10. skule i Ullensvang kommune. Som lærar hos oss får du arbeide i eit miljø med kjekke kollegaer, høg kompetanse og moglegheit til å delta i vidareutvikling av skulekvardagen til omlag 170 flotte elevar og 40 tilsette! Me ligg fint til i sentrum av bygda Kinsarvik med gode uteområde rundt skulen.
Utviklingsområdet vårt er motivasjon og meistring for alle. I tillegg arbeider skulen for at alle elevane skal ha eit godt læringsmiljø.
Skuleleiinga består for tida av rektor og to avdelingsleiarar.
Skulen har 100 % merkantil ressurs frå 01.01.2026.
Ein av våre lærarar skal ut i permisjon.
På grunn av dette har vi ledig eit vikariat i 100% stilling frå ca 01.03.2026- ca 28.02.2027. Stillinga er for tida lagt til mellomtrinnet. Du må også kunne ta på deg kontaktlæraransvar ved behov.
Me treng ein lærar som har erfaring frå mellomtrinnet, men som også er villig til å jobbe på dei andre trinna våre. Det er ein fordel om du har spes.ped utdanning og variert fagbakgrunn som gjer at du kan undervise i fleire fag både på barne- og ungdomskulen. Det er flott om du har eit eller fleire av følgjande fag: spes.ped. norsk,musikk, arbeidslivsfag eller naturfag.
Ynskte kvalifikasjonar:
Godkjent undervisningskompetanse
Lærarutdanning for 1-7 og/eller 5-10
Det er ein fordel med erfaring som kontaktlærar
Eitt eller fleire av faga norsk, musikk,naturfag, spes.ped.
Søkjarar med anna relevant bakgrunn kan bli vurdert
Trivst i lag med barn og unge.
Har eit positivt elevsyn og trur på at alle kan lukkast.
Er ein god lagspelar som bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Er ein god klasseleiar.
Er fagleg sterk og held deg oppdatert på forskning og utvikling i skulen.
Er god på å skape eit trygt og godt læringsmiljø.
Er lojal og ansvarsfull mot skulen sitt formål.
Er sjølvstendig, har gode samarbeidsevner og relasjonskompetanse
Me tilbyr:
Varierte arbeidsoppgåver
Løn etter hovudtariffavtalen
Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår
Ullensvang kommune har gode rekrutteringstilskot til nytilsette lærarar
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld
Til orientering om Offentleglova:Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling. For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ac87962f-a56c-418e-8f6f-cac8d932589a
- Sist endret
17. november 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3565221_193951_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Odda barneskule
Sted
Odda
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Kinsarvik skule
Sted
Kinsarvik
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Kulturskulen
Sted
Odda