Spesialfysioterapeut/ fysioterapeut
Klinisk fysioterapi og førebygging, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Spesialfysioterapeut/fysioterapeut
- Oppstart
- 5. januar 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 60%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 19. november
Seksjonen Klinisk fysioterapi og førebygging har ledig 60% vikariat for spesialfysioterapeut/ fysioterapeut:
- Arbeidsstad: Førde sentralsjukehus
- Oppstart: 05.01.2026
Om stillinga
Vi ser etter ein engasjert fysioterapeut som kan bidra på tvers av ulike avdelingar, avhengig av kvar behovet er størst. Arbeidet vil i hovudsak vere retta mot behandling og oppfølging av innlagde pasientar, og inneber tett samarbeid med andre faggrupper i eit dynamisk og fagleg sterkt miljø.
Om seksjonen
Klinisk fysioterapi og førebygging er organisert i Medisinsk klinikk under Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering. Fysioterapiseksjonen har 23 stillingar, inkludert tre turnusfysioterapeutar. Seksjonen gir tenester til alle somatiske avdelingar ved Førde sentralsjukehus, Nordfjord sjukehus og til seksjon for læring, meistring, fysikalsk medisin og rehabilitering. Fysioterapeutane arbeidar ut ifrå tilvising frå somatiske avdelingar og poliklinikk.
Seksjonen har ein ung stab med fokus på fagutvikling og nye teknologiske løysingar.
I tillegg til driftsoppgåver og dagleg pasientbehandling, er fleire tilsette i seksjonen aktive i høve til innovasjon, tenesteutvikling og forbetringsarbeid med tanke på å utvikle moderne og framtidsretta tenestetilbod. Døme kan være det digitale verktøyet Pust Deg Bedre og VR for menneske med hjerneslag:
Erfaringar med VR som fysioterapitiltak i rehabilitering av hjerneslagpasientar. Ein intervjustudie (fysioterapeuten.no).
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføre kliniske undersøkingar, funksjonsvurderingar og målretta oppfølging av innlagde pasientar.
- Bidra aktivt i tverrfagleg samarbeid med relevante faggrupper for å sikre heilskapleg pasientbehandling.
- Dokumentere og journalføre i tråd med gjeldande rutinar og kvalitetskrav.
- Delta i fagutvikling, internundervisning og kompetansedeling på tvers av avdelingar.
- Samhandle med primærhelsetenesta for å sikre god overgang og oppfølging etter utskriving.
- Moglegheit for deltaking i helgevakter.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som fysioterapeut.
- Må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg.
- Erfaring med arbeid i tverrfaglege team.
- Erfaring fra spesialisthelsetjenesta.
- Brei fagleg kompetanse og erfaring.
Personlege eigenskapar
- Du er ein engasjert person med gode kommunikasjonsevner.
- Du må kunne strukturere dagen din.
- Du har høg arbeidskapasitet og evne til å arbeide effektivt, både sjølvstendig og som ein viktig del av tverrfaglige team.
- Du er løysingsorientert og ønskjer å vidareutvikle deg som terapeut.
- Du er fleksibel og har fagleg engasjement.
- Du har gode evner til å engasjere og motivere.
- Du tek initiativ og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Ordning med fadder og mentor for nytilsette.
- Moglegheit for fagleg og personleg utvikling.
- Moglegheit til å være en del av eit sterkt fagmiljø, samt være med å videreutvikle oppgåvedeling og tverrfagleg poliklinikk.
- Moglegheit for trening i arbeidstida.
- Bli en del av eit godt arbeidsmiljø med høg kompetanse på mange ulike fagområde
- Hjelp med bustad, opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Mari Bårdvik, Seksjonsleiar, (+47) 473 78 841Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 5038204499
Stillingsprosent: 60%
Vikariat
Startdato: 05.01.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 19.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Mari Bårdvik
Seksjonsleiar
(+47) 473 78 841
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ac812e84-e4d0-40ca-a601-1c1e5643aa6e
- Sist endret
5. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
73e1b099312a450787f8fba91772d062
Lignende annonser
Sommarvikarar sengepostar Førde sentralsjukehus
Arbeidsgiver
Førde sentralsjukehus, Helse Førde
Sted
Førde
Rådgivande overlege
Arbeidsgiver
Nav Vestland Kompetansesenter for arbeidshelse
Sted
Førde, Førde
Sjukepleiar
Arbeidsgiver
Medisinsk sengepost 2 Førde, Helse Førde
Sted
Førde