Helsefagarbeider på natt 26,29% fast
Heimetenesta avdeling Rauland, Vinje kommune
Setali 6A, 3864 Rauland, Setali 6, 3864 Rauland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeider på natt 26,29% fast
Oppstart
17. oktober 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 26.29%
Arbeidstid
Turnus, natt
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 22. september
Er du helsefagarbeider og har lyst til å arbeide i heimetenesta på Rauland?
Heimetenesta i Rauland har ledig ei fast helgestilling på natt. Stillinga er på omsorgssenteret med arbeid kvar tredje helg. Du må rekne med at det også kan bli vakter ute i nattpatrulje ved fråver.
Hjå oss kan du oppleve fine pasientmøte med bebuarar på omsorgssenteret eller ute i private heimar. I 2024 blei omsorgssenteret vårt renovert. No har me nyoppussa lokale, og gler oss over ein funksjonell og fin arbeidsplass. Me har også dagsenter to dagar i veka med, ulike tilrettelagde aktivitetar for dei som er heimebuande med kognitiv svikt.
Me ynskjer at alle som får hjelp av oss kjenner seg høyrd og ivaretatt. Arbeidstaben vår består av mange flinke tilsette som samarbeider godt med kvarande, med brukarane og deira pårørande, og tverrfagleg med andre i ulike helseføretak.Me er stolte av det gode arbeidsmiljøet vårt og er opptatt av å kjenne kvarandre, respektere kvarandre og skape gode relasjonar.
Velkomen som søkjar hjå oss!
Arbeidsoppgåver
- Planlegge og gjennomføre grunnleggande pleie ved akutt eller kronisk sjukdom hjå menneske med sammensatte og komplekse behov
- Sette i gang forebyggende og behandlende tiltak innen eget ansvars- og kompetanseområde
- Bruke elektronisk pasientjournal og dokumentere forhold om pasienten og kva slags helsehjelp som vert gjeve og kvifor
- Assistere med personlig hygiene, påkledning, forflytning og trening for å opprettholde brukarane sine funksjonar
- Bruke tilgjengelig velferdsteknologi som til dømes tryggingsalarmar, lokaliseringsteknologi (GPS), elektroniske medisindispenserar
- Miljøretta tiltak og aktiviteter
- Utføre fyrstehjelp ved behov
Helsefagarbeideren skal bidra i folkehelsearbeidet ved å forebygge ensomhet og bidra til god livskvalitet for pasientene og brukerne. I tillegg skal helsefagarbeideren bidra til at pasienter og brukere mestrer i hverdagen og legge til rette for et aktivt liv.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Relevant erfaring innan helse kan vega opp mot kravet om autorisasjon og fagbrev. Dette vurderast særskilt
- Søkjarar må ha førarkort klasse B. Du må ha køyreferdigheiter til å handtere fire årstider.
- Grunna dokumentasjonsplikt vert det stilt krav til gode skriftlege og muntlege kommunikasjonsevne på norsk, minimum nivå B2 (ved behov må dette dokumenterast
- Lovkrav om politiattest (ikkje eldre enn 3 månadar).
- Førarkort klasse B og køyreferdigheiter til å handtere fire årstider
Personlege eigenskapar
- Du har evne til å skape gode og trygge relasjonar
- Du har engasjement, humor og kreativitet
- Du er initiativrik
- Du har evne til å jobbe sjølvstendig og systematisk
- Du har evne til å bidra prakstisk og fagleg i samarbeid med andre
- Du er interessert i eigen fagutvikling og likar nye utfordringar
- Du er ein positiv lagspelar som bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du trivast med nattarbeid
Personleg eignaheit blir vektlagt ved tilsetting.
Me tilbyr
- Opplæring av kvalifisert personell i teamet du skal arbeide med
- Varierte arbeidsoppgåver i eit miljø der me har fokus på eit godt arbeidsmiljø
- Tett samarbeid med sjukepleiar som støttar tilsette i pasientsaker
- Fagarbeidarløn etter lokal lønstabell med ansiennitet frå 470.800 til 599.300 + tillegg for natt
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Hege Rorgemoen, Avdelingsleiar Rauland heimetenester, +47 48210156Arbeidsstad
Setali 6A3864 Rauland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 5006448268
Stillingsprosent: 26,29%
Fast
Startdato: 17.10.2025
Søknadsfrist: 22.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Hege Rorgemoen
Avdelingsleiar Rauland heimetenester
+47 48210156
Om bedriften
Me er ein triveleg gjeng på 28 faste tilsette, med base på Rauland Omsorgssenter. Her driv me heimesjukepleie i private heimar, heimehjelpsteneste, omsorgsssenter og dagsenter. Me verdset eit godt arbeidsmiljø, og ynskjer deg velkomen som søkjar hjå oss.
Som tilsett i heimesjukepleia vil hovudoppgåva vera å samarbeide om å levere kvalitativt gode og føreseielege helse – og omsorgstenester til heimebuande, slik at dei kan bu lengst mogeleg heime.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ac568c7a-ec7a-4750-ac87-238dba58dc42
- Hentet fra
talentech
- Referanse
eb8fe1bdf5d746198a9f2fa2900ce9d7