Midlertidig stilling som universitetslektor (20%) i dirigering ved Griegakademiet
Universitetet i Bergen
Christiesgt. 18, 5020 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Midlertidig stilling som universitetslektor (20%) i dirigering ved Griegakademiet
Type ansettelse
Vikariat, deltid 20%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 17. september
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAUniversitetslektor
Ved Griegakademiet, Institutt for musikk Fakultet for kunst, musikk og design er det ledig ei midlertidig stilling som universitetslektor i 20% i 8 mnd innan fagområdet ensembleleiing/dirigering. Tilsetjing er ønska så snart som mogleg.
Arbeidsoppgåver:
ensembleleiing/dirigering. Undervisningsoppgåver vil omfatte generell introduksjon til dirigering som er organisert som ein utøvande støttedisiplin innan ensembleleiing på studieprogrammet Utøvande musikk eller komposisjon, og vil ha undervisningsoppgåver knytt til valemne i ensembleleiing korps.
- Undervisningsoppgåver på BA-nivå
- Rettleiing av praksis og oppgåver på BA-nivå
Arbeidsstad for stillinga er på campus i Bergen, og det vert forventa jamleg nærvær etter nærare avtale med instituttleiar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha norsk mastergrad/hovudfag eller tilsvarande utanlandsk grad innan aktuelt fagområde eller nærliggande fagområde i tillegg til relevant praksis. Mastergrad må vere oppnådd ved søknadsfrist.
Søkjarar må kunne vise til relevant kunstnarleg praksis og relevant erfaring frå undervisningsarbeid.
- Dokumentert kunstnarleg verksemd eller utviklingsarbeid av eit visst omfang innan fagområdet direksjon
- Dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av søkjaren si utdanning, rettleiings- og undervisningserfaring.
- Pedagogiske evner og engasjement.
- Organisatoriske evner og erfaring.
- Gode samarbeidsevner.
- Personlege og mellommenneskelege eigenskapar.
Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 ved tilsetjinga.
Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte søkarane vil bli kalla inn til intervju med ei intern intervjugruppe, og for å halde ei open prøveførelesning for instituttet sin stab og studentar.
Vi tilbyr:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø.
- Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
- Stilling som universitetslektor (kode 1009) vert løna med årsløn tilsvarande 625 500 - 670 000 kr i 100% stilling. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse.
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- CV.
- Vitnemål og attestar, inkl. dokumentasjon på oppnådd mastergrad.
- Liste over kunstnarlege produksjonar som har relevans for stillinga.
- Materiale som dokumenterer kompetanse som universitetslektor
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Dokumentasjon som ikkje er lasta opp ved søknadsfrist vert ikkje vurdert.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Instituttleiar Randi Rolvsjord, mob. +47 97514878, e-post: randi.rolvsjord@uib.no.
For tekniske spørsmål knytt til søknadsprosessen ta kontakt med HR ved KMD på hrkmd@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
abf4adee-3400-4520-83df-420f1c40e720
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10261019