Vil du koke brunost på eit lite ysteri?
Undredal Stølsysteri Sa
Undredalsvegen 43, 5746 Undredal
Om jobben
- Oppstart
- 11. februar 2027
- Stillingstittel
- Meieriarbeider
- Type ansettelse
- Sesong, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager og lørdag
Søk på jobben
Søk senest torsdag 15. oktober
Vi på Undredal Stølsysteri SA treng brunost-kokar frå februar 2027.
Du må like å stå tidleg opp og du må kunne både koke inn, pynte ost og legge ny ost i former kvar dag. Utdanning innan meieridrift er ikkje naudsynt, men du må vere sjølvstendig, ta hygiene på alvor, kunne kommunisere godt på norsk eller engelsk og vere motivert for oppgåva. Dette er tradisjonelt handverk som er givande, men fysisk krevjande arbeid.
Me er først og fremst ute etter deg som vil jobbe heile sesongen 2027. Me produserer i perioden februar til oktober. Andre oppgåver kan leggast til. Løn etter avtale.
Send søknad og CV til post@undredalstolsysteri.no, så snakkast me!
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Undredal Stølsysteri er eigd og drive av tre familiar med til saman 230 geiter. Vi lagar kvit og brun geitost og steikost frå februar til oktober.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
abc6def7-d136-40b6-8992-a92bda7127cf
- Sist endret
16. september 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
abc6def7-d136-40b6-8992-a92bda7127cf