Vil du bruke din analytiske kompetanse til å forbetre offentleg forvaltning?
Riksrevisjonen
Storgata 16, 0155 Oslo
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgiver/seniorrådgiver - Forvaltningsrevisor
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest søndag 11. januar
Ein stor del av samfunnsoppdraget til Riksrevisjonen er å vurdere om statsforvaltninga gjennomfører det Stortinget har bestemt på ein effektiv måte. Dette gjer vi ved å vurdere korleis staten nyttar ressursane sine, om departementa når måla Stortinget har sett, og om iverksette tiltak har hatt ønskt effekt. Vi leverer rapportar til Stortinget på alle viktige samfunnsområde.
Du vil vere tilsett i avdeling for forvaltningsrevisjon, som med om lag 100 tilsette er eitt av Noregs største utgreiings- og analysemiljø. Vi har eit stort tverrfagleg miljø og ein unik tilgang til data.
Som forvaltningsrevisor i Riksrevisjonen får du ein unik moglegheit til å undersøkje om statlege verksemder gjennomfører Stortingets vedtak på ein effektiv og målretta måte. Du vil få høve til å analysere og løyse komplekse problemstillingar i team og skrive rapportar som gir Stortinget grunnlag for å vurdere forvaltninga sitt arbeid og måloppnåing.
Hos oss vil du få faglege utfordringar i eit sterkt fagmiljø og moglegheit til å påverke viktige avgjerder. Du vil få jobbe med undersøkingar som har vesentleg betydning for samfunnet innan mellom anna sektorområda Energidepartementet, Samferdselsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet.
Er du nyutdanna eller heilt i starten av karrieren din? Sjå om annonsen vår som rådgivar kan vere aktuell for deg.
Kva vil du få jobbe med hos oss?
- innhente og analysere kvantitative og kvalitative data
- delta i førebuingar og gjennomføre intervju med departement og andre aktørar som er relevante for undersøkingane
- skrive rapportar
- presentere og kommunisere resultat av analysar og undersøkingar internt og eksternt
- delta i arbeidet med risikoovervaking og foreslå tema til nye undersøkingar
- leie/delta i team
Kva slags kompetanse har du?
- du har høgare relevant utdanning på minimum mastergradsnivå med gode akademiske resultat innan samfunnsvitskaplege og/eller økonomiske fag. Du er til dømes statsvitar, samfunnsøkonom eller siviløkonom.
- du har god kunnskap om og erfaring med kvalitative og/eller kvantitative analysar.
- kunnskap i programmeringsspråk, som R eller Python, er ein fordel
- for å bli tilsett som seniorrådgivar krevst det minimum tre års relevant arbeidserfaring innan analysearbeid eller frå forvaltninga.
- du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Til ei av stillingane er det eit krav om at du kan tryggleiksklarerast på nivå HEMMELEG, og oppstart i stillinga vil avhenge av at dette er på plass.
Kven er du?
- du har gode analytiske og metodiske ferdigheiter
- du er samfunnsengasjert
- du har interesse for og evne til å lære deg nye metodar og digitale verktøy
- du evnar å arbeide strukturert og sjølvstendig, samstundes som du samarbeider godt og trivst med å arbeide i team
- du er nysgjerrig, kreativ og løysingsorientert
Kvifor skal du velje oss?
Du får moglegheita til å jobbe med oppgåver som har stor betydning for samfunnet og demokratiet.
Du får eit godt arbeidsmiljø og unike moglegheiter til å utvikle nye kunnskapar og sparre med kunnskapsrike kollegaer om faglege problemstillingar.
Vi har fleksitid og sommartid, og kvar veke får du ein time til å trene i arbeidstida. Du får ein jobb midt i Oslo sentrum.
Du blir medlem i Statens pensjonskasse, som inneber ein god tenestepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring og ein moglegheit for gunstig bustadlån. Kompetanseutvikling er viktig, og du får 40 timar årleg til dette. Om du etter kvart får lyst på meir påfyll av kompetanse, har vi gode ordningar for etterutdanning.
Du vil bli tilsett som rådgivar med lønnsspenn frå årslønn 590.000 til 650.000 kroner per år, eller som seniorrådgivar med lønnsspenn frå årslønn 650.000 til 915.000 kroner.
Høyrest dette interessant ut?
Då håper vi å høyre frå deg! Du søkjer via vår søknadsportal. Vi ber deg om å laste opp ein utfyllande CV som viser kva erfaring og kompetanse du har, saman med vitnemål og attestar. I tillegg ber vi deg om å svare på nokre konkrete spørsmål. Søkjarar med utdanning teke i utlandet må leggje ved dokumentasjon frå NOKUT som stadfestar utdanninga sitt omfang og nivå samanlikna med tilsvarande norsk utdanning.
Riksrevisjonen praktiserer eit inkluderande arbeidsliv og følgjer opp regjeringa si inkluderingsdugnad. Det betyr at vi ønskjer velkomen kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne, ulik nasjonal eller etnisk bakgrunn og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere.
Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngi kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Vi vil varsle deg på førehand dersom reservasjonen ikkje kan imøtekomast, jf. lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd, § 25.
Ta gjerne kontakt med spesialrådgivar Kjersti Morland Semlitsch på telefon 975 09 685, eller avdelingsdirektør Hege Merethe Herland på telefon 906 09 531, dersom du vil vite meir om stillingane.
Kontaktinformasjon
Hege Merethe Herland, avdelingsdirektør, 906 09 531Kjersti Morland Semlitsch, Spesialrådgiver, 975 09 685
Arbeidssted
Storgata 160155 Oslo
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: RiksrevisjonenReferansenr.: 5053417247
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.01.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Kjersti Morland Semlitsch
Spesialrådgiver
975 09 685
Hege Merethe Herland
avdelingsdirektør
906 09 531
Om bedriften
Riksrevisjonen skal være kompetent, uavhengig og objektiv. Høyt faglig nivå og tillit i samfunnet er viktig for oss. Internt legger vi vekt på lagånd, åpenhet og respekt for å oppnå gode resultater.
Vårt hovedkontor ligger i Oslo. Vi har regionskontorer i Kristiansand, Bergen, Trondheim, Bodø, Tromsø og på Hamar. Vi har ca. 425 høyt kompetente medarbeidere.
Les mer om oss på www.riksrevisjonen.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ab757891-ddb5-492c-8a4c-b8c84ba5752f
- Sist endret
15. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b202d3c43bdb4a31a68c7bc57518d344
Lignende annonser
Rådgiver - Forvaltningsrevisor
Arbeidsgiver
Riksrevisjonen
Sted
Oslo
Seniorrådgiver regelverk og statsregnskap
Arbeidsgiver
Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ)
Sted
Oslo
Seniorrådgiver - revisor
Arbeidsgiver
Advokattilsynet
Sted
Oslo