Serviceteknikar
IDI - Stab Tannhelse (Bergen), Vestland fylkeskommune
Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Serviceteknikar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 22. september
Arbeidsoppgåver
Som teknikar vil du jobbe mykje på fleire av våre 54 tannklinikkar rundt om i fylket. Du vil òg gjere reparasjonar og arbeid som dukkar opp på vår nye og moderne verkstad på Melkeplassen Bergen. Verkstaden på Melkeplassen vil også vere din kontorstad.
Som serviceteknikar har du ansvar for service, montering, feilsøking og reparasjon på, mellom anna behandlingsstolar, autoklavar, kompressorar, sugemotorar og røntgenutstyr.
Kvardagen som serviceteknikar er varierande. Du vil få oppgåver som du må løyse aleine og oppgåver som du må samarbeide med våre andre teknikarar om. Ved behov for opplæring på dentalteknisk utstyr, vil du få det – både av dine gode kollegaer og av leverandørane av det dentale utstyret.
Du vil få ein spanande kvardag der du møter mange folk som set pris på det arbeidet du gjer på tannklinikken. Du styrer arbeidsdagen din sjølv, saman med dei andre tilsette på vår tekniske avdeling. I og med at det er lange avstandar i Vestland fylke, disponerer du ein eigen bil som du bruker i arbeidet ditt.
Det er venta at du jobbar systematisk og er flink til å planlegge dagane dine som teknikar i Vestland tannhelseteneste.
Kvalifikasjonar
Det er eit minstekrav at du har fagbrev som dataelektronikar (serviceelektronikar), har ein bachelorgrad eller toårig fagskule innan elektronikk eller utdanning som gir tilsvarande relevant elektrokompetanse. Det er ein fordel om du har godkjenning til å reparere elektromedisinsk utstyr. Om du ikkje har det, må du vere villig til å få denne kompetansen. Det er ein føresetnad at du har førarkort klasse B og at du beherskar norsk.Personlege eigenskapar
Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig.
Det er viktig at du trivast med høg grad av sjølvstende, at du er nøyaktig og har ønskje om å ta ansvar i jobben. Du må kunne handtere at jobbkvardagen kan vere hektisk. Det er også viktig at du er flink til å samarbeide med dei tilsette på klinikkane våre.
Sjølv om jobben handlar mest om montering, service og reparasjon, er det viktig at du kan utføre administrative oppgåver som dokumentering og skriftleg oppfølging.
Vi tilbyr
Ein serviceteknikar i hos oss blir ein del av ein stab som har hovudfokus på å utvikle den offentlege tannhelsetenesta i Vestland. I tillegg til verkstaden på Melkeplassen, vil du få kontorplass i Vestlandshuset i Bergen sentrum. Vi kan tilby løn etter avtale og gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
Kontaktinformasjon
Witold Osuch, Serviceteknikar, 95 22 90 91, Witold.Stanislaw.Osuch@vlfk.noRieneke Schilperoort, Stabsleiar, 417 62 911, Rieneke.Schilperoort@vlfk.no
Arbeidsstad
Lars Hilles gate 225008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5173368840
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.09.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ab57dac7-b77e-425c-809d-1799e51a6434
- Sist endret
31. august 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ad2aa37317524ce49d9f9ce67f6628e3