Ferievikar 2025 - Bu- og miljøtenesta
Sogndal kommune Bu- og miljøtenesta
Postboks 153, 6851 Sogndal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
10
Søk på jobben
Søk senest søndag 6. april
Er du og vennene dine klar for ein sommar full av meining, læring og vakre opplevingar? Sogndal kommune treng DEG som ferievikar innan bu- og miljøtenesta frå midten av juni til midten av august 2025!
Anten du er student, nyutdanna, eller berre har lyst til å prøve noko nytt, har me spennande jobbmoglegheiter som passar for alle – også for deg under 18 år.
Sommarjobb i helsesektoren – ein fantastisk sommar i Sogndal ventar på deg!
Kva kan du jobbe med?
Me tilbyr sommarjobbar i:
Bu- og miljøteneste i Sogndal, Leikanger og Balestrand.
Er du under 18 år, kan me gjerne spesialtilpassa stillinga til deg.
Tidsperiode: 11. juni – 15. august 2025
Arbeidsstad: Sogndal, Balestrand eller Leikanger
Alle ferievikarane vil få ei fellesopplæring med lønn 11.juni eller 18.juni. I tillegg vil det bli opplæring på aktuell arbeidsstad.
Grip sjansen!
Me søkjer deg som vil lære meir om helse- og omsorgsyrket og vere ein del av eit team som gjer ein forskjell for andre.
Du får også arbeidserfaring som gjer seg godt på CV-en.
Bli med oss i sommar og skap minner for livet – både for deg sjølv og dei du hjelper.
På fridagane dine kan du sjekke ut aktivitetskalenderen «Kva skjer?» eller låne utstyr gratis frå frivilligsentralen. Eventyra ventar på deg!
Kva får du som ferievikar hos oss?
Ein viktig og meiningsfull jobb.
Eit fagmiljø med dyktige og støttande kollegaer.
Arbeidstider som me tilpassar dine behov.
Relevante helsefaglege utdanningar på høgskule- /universitetsnivå som har fullført første året vert lønna som fagarbeidar, og som fagarbeidar med 8 års ansiennitet om du har fullført andre året.
God pensjons- og forsikringsordning.
Hjelp til å finne bustad om du treng det.
Kvifor Sogn?
I tillegg til givande arbeid får du oppleve det beste Sogndal har å by på:
Fjord og fjell: Nyt utsikta frå fjelltoppane eller ta eit bad i Sognefjorden.
Kultur og idrett: Delta på arrangement, prøv nye aktivitetar eller bli med i frivillige lag.
Ein varm velkomst: Her finn du eit inkluderande lokalsamfunn der du vil kjenne deg heime frå første dag.
Søk via vårt rekrutteringssystem EasyCruit innan fristen.
Spørsmål? Ta kontakt med oss, så hjelper me deg i gang. Kontaktperson er Anne Grete Sva Ramstad, mob.tlf. 99224333.
Sogndal kommune – der meining og natur møtast!
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Anne Grete Sva Ramstad
458 79 715
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2887464
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3477139_244679_nn